Overlege
Bjørgvin distriktpsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Bjørgvin DPS er ein moderne og veldreven klinikk som gir psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggjarane i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy, samt bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune. Samla har klinikken eit opptaksområde med omtrent 80 000 innbyggjarar over 18 år.
Bjørgvin DPS har har ca 220 tilsette fordelt på vel 150 årsverk. Klinikken er lokalisert på Tertnes i Åsane og Knarvik i Alver kommune. Døgntilbodet er lokalisert på Tertnes, medan det polikliniske tilbodet går føre seg både i Knarvik og på Tertnes. Klinikken er delt i to fagområde psykose og allmennpsykiatri. I tillegg er Helse Bergen sitt eBehandlingstilbod ein del av Bjørgvin DPS.
Vi søker etter ein engasjert overlege i psykiatri som ønsker å vere ein del av det gode og varierte behandlingstilbodet vi har ved vår allmennpsykiatriske poliklinikk på Tertnes. Poliklinikken ligg sentralt i Åsane, med kort veg til Bergen sentrum. Dette er ein stor og velfungerande poliklinikk med eit godt arbeidsmiljømed mange sosiale arrangement i tillegg til tilsattrening i arbeidstida. Vi har eit av dei lengstlevande DBT-teama i Noreg har vi to allmennteam, eit Angst- og depresjonsteam, 4-dagars behandling for panikkliding og sosial angst, Nevroteam, Team i eksponerande traumeterapi, Team for spiseforstyrringar, ROP-team, Familieteam, Søvnteam og Akutt ambulant team som er tilgjengeleg alle dagar.
Bjørgvin si spennande gruppeavdeling er ein del av allmennpoliklinikken på Tertnes, med ulike samtalegrupper, uttrykksterapi, psykomotorisk fysioterapi, ernæringskonsulent og musikkterapi. Vi har og saman med Knarvik allmennpoliklinikk dei seinare åra bygd opp eit velfungerande MBT-Team. I jobben vil det bli lagt opp til stor grad av samarbeid på tvers av yrkesgrupper og vi har god erfaring med auka grad av oppgåvefordeling i pasientbehandlinga.
Du vil bli ein del av eit stort og solid fagmiljø på Bjørgvin, med ein stor andel svært erfarne og engasjerte høgskuleutdanna, og psykologar i tillegg til 14 andre overlegar, og meir enn 25 psykologspesialistar. Er du ein engasjert overlege som har lyst å jobbe i eit godt miljø, både fagleg og sosialt så vil vi gjerne høyre frå deg.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling av tilviste pasientar innanfor eit breitt spekter av ulike psykiske lidingar
- Deltaking i tverrfaglege behandlingsteam
- Det er mogleg å kombinere stillinga mellom dei ulike spesialteama i poliklinikken og å drive terapi/gruppetarapi
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som overlege
- Meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Har evne til å arbeide sjølvstendig
- Har gode samarbeidsevner
- Fagleg engasjert og nysgjerrig
- Bidrar positivt i arbeidsmiljøet
- Er ein god teamarbeidar og trivast med tverrfagleg arbeid
Vi tilbyr
- Eit godt og engasjerande arbeidsmiljø med fagleg engasjerte, dyktige og kjekke kollegaer
- Fagleg oppdatering/utvikling for å sikre spisskompetanse innan ulike delar av allmennfeltet
- Eit nytenkjande og utviklande fagmiljø
- Lønn i henhald til gjeldande avtalar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Hallbjørg Hage, Psykologspesialist, 99271899Anneli Eimhjellen, Overlege, 55957000
Arbeidsstad
Tertnesveien 375113 Tertnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5204812263
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.12.2026