Operasjonssjukepleiar - bli ein del av eit av landets leiande fagmiljø

Stilling
Operasjonssjukepleiar
Lokasjon
Bergen
Antall posisjoner
3
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
09. nov.
Få påminnelse
13 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post
Vil du jobbe som operasjonssjukepleiar i eit sterkt fagmiljø – og gjere ein forskjell når det gjeld som mest?


Kirurgisk serviceklinikk (KSK) søker operasjonssjukepleiarar. Hos oss får du anledning til å jobbe i tett samarbeid med dyktige kollegaer og i eit miljø prega av høg kompetanse, fagutvikling og forsking.

Kirurgisk serviceklinikk (KSK) er ein av dei største klinikkane ved Haukeland universitetssjukehus og har medansvar for varierte og høgspesialiserte tenester knytt til akuttmedisin, intensivmedisin og operasjonsverksemd og smertebehandling. Klinikken har stor undervisnings- og forskingsaktivitet.

KSK er delt i sju avdelingar, ei av avdelingane er Operasjonsavdeling (OPA) med 6 seksjonar; Kirurgi, Dagkirurgi; Hovud-hals; Operasjon Glasblokkene, Ortopedi, Thorakskirurgi.

Vi har ledig faste stillingar ved desse avdelingane:


Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa. 

Vi gleder oss til å høyre frå deg!


Arbeidsoppgåver

Kirurgisk seksjon er ein av tre opererande einingar i sentraloperasjon (SOP), og vi i utfører elektiv og øyeblikkelig hjelp kirurgi innanfor fagfelta: gastro, endokrin, kar, urologi, plastikk og brannskadekirurgi. Kirurgisk seksjon er er ein stor og spennande seksjon med mange ulike fagfelt og dyktige medarbeidarar.

Ønsker du spennande arbeidsoppgåver og faglege utfordringar, så har vi no ledig stilling som operasjonssjukepleiar. Vi har mange ulike fagfelt, som vil gi deg mogeligheit for kontinuerleg fagleg utvikling. Som operasjonssjuepleiar inngår du og i traumeteamet ved mottak av traumepasientar til sjukehuset
Kontakt: Hege Nybøe Moeberg, Tlf: 55970621.

Hovud/hals-seksjonen er ein av tre seksjonar i sentraloperasjonseininga ved Haukeland universitetssjukehus. Hovud/hals-seksjonen er ein aktiv og fagleg utfordrande arbeidsplass, med fagfelta Nevrokirurgi og ØNH/kjeve kirurgi. Det er 45,5 årsverk for spesialsjukepleiarar til seksjonen, herunder 25 årsverk som operasjonssjukepleiar. Desse bemannar saman med anestesisjukepleiarar og anestesilegar, 5-6 operasjonsstover på dagtid, og ØH-stove på kveld, natt og helg. Både operasjonssjuepleiar og anestesisjukepleiar hos oss inngår i traumeteamet ved mottak av traumepasientar til sjukehuset.
Vi har ledig 100% fast stilling som operasjonssjukepleiar i tredelt turnus (35,5t/u).

Trivst du med travle dager, faglege utfordringar, og godt samarbeid på tvers av fagmiljø som gjer arbeidsmiljøet utviklande og trygt? Då håper vi å ha vekt interessa di for å søke stilling hos oss.
Kontakt: Lisbeth Viken Aasarmoen, Tlf. 55970651.

Kvalifikasjonar (overskrift)

Arbeidsoppgåver:
  • Ansvar for planlegging og gjennomføring av oppgåver knytt til operasjonspasienten
  • Klargjere og kontrollere utstyr
  • Undervise studentar i spesialisering og nytilsette
  • Delta i daglege driftsoppgåver


Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon og vidareutdanning i operasjonssjukepleie
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum
    B2/NOR-U3- nivå eller høgare

Personlege eigenskapar:

  • Kommuniserer og samarbeidar godt i tverrfagleg miljø
  • Arbeidar strukturert og målretta
  • Serviceinnstilt og bidrar positivt i arbeidsmiljøet
  • Fleksibel og løysningsorientert

Vi tilbyr:

  • Ein spennande arbeidsplass med faglege utfordringar
  • Dyktige medarbeidarar
  • Godt arbeidsmiljø

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Sjå kontaktperson, oppgitt for den enkelte avdelinga

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5199623366
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.11.2026

Kontaktpersoner
Sjå kontaktperson
oppgitt for den enkelte avdelinga
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter