Medisinstudent med lisens
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge har fleire poliklinikkar og sengepostar. Klinikken tilbyr barn og unge opp til 18 år utgreiing og behandling av psykiske lidingar. BUP Voss er ein allmenn poliklinikk som dekker fem kommunar (Ulvik, Voss, Kvam, Vaksdal og Eidfjord). Poliklinikken har 21 tilsette, med ulik fagleg bakgrunn.
Frå 01.01.27 til 31.12.27 har vi ledig ein midlertidig 30% stilling for medisinarstudent med lisens. BUP'en er lokalisert i nye og flotte spesialbygde lokale i Knutepunktet Voss, som ligg på Voss stasjon.
Voss ligg i hjartet av Fjord-Noreg, midt mellom Bergen, Hardangerfjorden og Sognefjorden. Kommunen har om lag 16 000 innbyggjarar og er eit knutepunkt for buss og tog. Voss har blitt verdskjend som ekstremsportbygda, og her kan du prøva deg på alt frå fallskjermhopping til rafting i trygge omgjevnadar. På sommaren kan du boltra deg på utallege vandreruter i Vossefjella, og på vinteren har du to skisenter å velja mellom. Voss Gondol, som startar på togstasjonen og tar deg rett til fjells, går heile året.
Arbeidsoppgåver
- Legeundersøkingar av pasientar
- Medisinkontrollar
- Oppfølging av pasientar som er i utgreiing/behandling
Kvalifikasjonar
- For stillinga er det krav om dokumentert midlertidig legelisens eller norsk autorisasjon
- Særs god mestring av norsk, skriftleg og munnleg
- Vedkomande som får tilbod om tilsetjing må legge fram godkjend politiattest (vandel) jfr Lov om helsepersonell § 20a.
Personlege eigenskapar
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Høg fagleg og fagetisk medvit
- Empatisk og respektfull i møte med pasientar og pårørande
- Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
- Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø
- Vi vil legge stor vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Lønn iht gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Meiningsfulle og fagleg engasjerande arbeidsoppgåver
- Moglegheit til fagleg og personleg utvikling
- Rettleiing av overlege
- Delvis fleksibel arbeidstid
- Moglegheit for reisetid i arbeidstid ved pendling
- Nye og flotte lokale
- Fjell og vakker natur rett utanfor kontordøra din
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Marianne Stordal Røynesdal, Seksjonsleiar, +47 90736587Arbeidsstad
Sjukehusvegen 165704 Vossevangen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5194044839
Stillingsprosent: 30%
Engasjement
Søknadsfrist: 27.10.2026