Medarbeidar i preste- og samtaletenesta

Stilling
Medarbeidar i preste- og samtaletenesta
Lokasjon
Bergen
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
03. jan. 2027
Få påminnelse
40 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post
Preste- og samtaletenesta har for tida tre sjukehusprestar og ein sjukehusdiakon i 100% stillingar, og ein sjukehusimam i 50% stilling. Vi har no ledig ei 100% fast stilling som medarbeidar i Preste- og samtaletenesta.
 
Helse Bergen behandlar pasientar innan somatikk, psykisk helsevern og rus- og avhengigheitsmedisin, og Preste- og samtaletenesta bidreg i alle desse fagområda.
 
Vi møter pasientar, pårørande og medarbeidarar som står i kriser og krevjande livssituasjonar, uavhengig av livssyn. Tenesta har døgnberedskap og er tilgjengeleg når det trengst. Vi bidreg med individuelle samtalar eller gruppesamtalar, utfører kyrkjelege handlingar og formidlar kontakt med representantar frå trus- og livssynssamfunn når det blir etterspurt.
 
Tillit hos menneska vi møter og i sjukehuset er grunnlaget for arbeidet. Arbeidet krev stor grad av sjølvstende, fleksibilitet og evne til å tilpasse seg kvar enkelt situasjon. Samstundes er vi eit team der alle må ha evne og vilje til å dele faglege og personlege refleksjonar. Som medarbeidar i Preste- og samtaletenesta får du eit meiningsfylt og engasjerande arbeid med mange erfaringar å lære av og gode moglegheiter for personleg og fagleg vekst.
 
Preste- og samtaletenesta er organisert som ei faggruppe i Seksjon for pasienttryggleik i Forskings- og utviklingsavdelinga, der seksjonsleiar varetek personal- og økonomiansvar.

Arbeidsoppgåver

Preste- og samtaletenesta si hovudoppgåve i sjukehuset er å støtte pasientar, pårørande og tilsette i krevjande livssituasjonar. Som medarbeidar i tenesta skal du:

  • gje akutt krisestøtte til pasientar og pårørande når dei kliniske einingane ber om det
  • støtte sjukehuset sine medarbeidarar i ein krevjande kvardag og ved alvorlege hendingar
  • vere tilgjengeleg for samtalar om det pasientar, pårørande og medarbeidarar ønskjer å snakke om, og gjennomføre ritual tilpassa situasjonen
  • arbeide i 5-delt vaktturnus med døgnberedskap og heimevakt
  • leie samtale- og refleksjonsgrupper og ta del i tverrfaglege samarbeidsforum med andre einingar i sjukehuset, og undervise innan eige fagområde
  • delta i fagleg og personleg refleksjon i teamet og bidra til at vi tek vare på kvarandre og utviklar tenesta saman

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på masternivå, til dømes i teologi, diakoni, helsefag eller anna relevant utdanning
  • Erfaring i å møte menneske i krevjande livssituasjonar
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Relevant vidareutdanning innan til dømes krisehandtering, rettleiing, kognitiv terapi, eller pastoralklinisk utdanning er ønskeleg
  • Erfaring frå arbeid i sjukehus eller annan helseinstitusjon er ønskeleg

Personlege eigenskapar

  • Du kjenner omsorg for og vil støtte menneske i vanskelege livssituasjonar, og tilpassar deg behov, utfordringar og føresetnader hos den enkelte
  • Du møter menneske med interesse og respekt uavhengig av bakgrunn og livssyn
  • Du har evne til å forstå og orientere deg i ein kompleks organisasjon
  • Du samarbeider godt med andre faggrupper
  • Du har god rolleforståing, er trygg i møte med eksistensielle spørsmål og har evne til å skape tillit
  • Du har forståing av og interesse for korleis menneske skapar meining og finn kjelder til håp i møte med livsendrande hendingar og livskriser
  • Du toler å stå i uventa og krevjande situasjonar, og du kan arbeide sjølvstendig og saman med andre når det «kokar» og kjenner deg sjølv godt
  • Du kan ta vare på deg sjølv
  • Du er støtte for dine kollegaer og kan sjølv ta imot støtte

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og på korleis teamet er samansett.

Vi tilbyr

  • Eit meiningsfylt, utfordrande, variert og berikande arbeid i ein tverrfagleg kontekst
  • Arbeid i ein stor organisasjon med høgt fagleg nivå
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Eit godt arbeidsmiljø og kollegafellesskap
  • Løn etter avtale
  • Ei av dei beste pensjonsordningane i landet

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.


Vi ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Ingrid Smith, Seksjonsleiar, 92802540, ingrid.smith@helse-bergen.no
Patrick Wohlgemuth, Sjukehusprest, 95219859, patrick.Wohlgemuth@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5211594174
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.01.2027

Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter