LIS i augesjukdommar - vikariat 

Stilling
LIS-3-vikariat
Lokasjon
Bergen
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
01. nov.
Få påminnelse
17 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Det blir ledig eit årsvikariat for lege i spesialisering (LIS3) ved vår spennande avdeling i perioden frå 10.11.2026 og 12 månader framover. Det er gode moglegheiter for forlenging av vikariatet.

LIS frå andre helseregionar kan òg søke stillinga som ein del av arbeidet med å oppnå naudsynte læringsmål innan spesialiteten augesjukdommar.

Augeavdelinga er ei spesialavdeling ved Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga er knytt til Universitetet i Bergen, og forskings- og utviklingsarbeid står sentralt i verksemda vår. Avdelinga har stor breidd i tenestetilbodet sitt, og vi greier ut og behandlar alle typar augesjukdommar. Avdelinga har sengepost i Klinikk for hovud og hals, dagkirurgisk og poliklinisk eining samt operasjonsavdeling. Sengeposten har seks døgnplassar. Her er det både planlagde innleggingar og øyeblikkeleg hjelp-innleggingar.

Vikariatet kan telje som ein del av spesialistutdanninga innan augesjukdommar.

Ved rekruttering og tilsetjing vil vi ha eit langsiktig perspektiv for å bygge ei fagleg sterk og robust augeavdeling for framtida


Arbeidsoppgåver

  • Den som blir tilsett vil gå inn i 12-delt primærvakt
  • Ein vil rotere mellom dei ulike seksjonane i avdelinga ca. kvar 6. månad (7 ulike seksjonar) for å få dekt alle områda innan augefaget
  • Det vil vere ein kombinasjon av arbeid med inneliggande og polikliniske pasientar
  • Vedkommande må ta del i undervisning av legestudentar og anna helsepersonell

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS-stilling i augesjukdommar
  • God skriftleg dokumentasjonsevne
  • Då Augeavdelinga er ei hektisk avdeling, vil vi legge vekt på opparbeidd kompetanse og interesse for augefaget
  • Augeavdelinga er kjend for sitt gode, kollegiale miljø, og det er viktig at dei som blir tilsett og vil bidra til å halde dette ved like
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare. Dokumentasjon må leggast ved søknad 

Personlege eigenskapar

  • Vi vil legge vekt på personlege eigenskapar som det å vere ansvarsbevisst, samarbeidsvillig og fleksibel
  • Gode kommunikasjonsevner, og evner til å arbeide systematisk og effektivt i ein hektisk kvardag
  • Vere ein god teamarbeidar
  • Bidra aktivt til det gode arbeidsmiljøet
  • Forskingsinteresse

Vi tilbyr

  • Teneste i ei høgspesialisert augeavdeling med gode moglegheiter til brei kompetansebygging og fullstendig LIS-løp i spesialiseringa
  • Den som blir tilsett, vil få ein personleg rettleiar, og delta i avdelinga sitt regulære utdanningsprogram
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • Gode kollegaer i eit særs godt arbeidsmiljø


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Frank Tore Jenssen, Seksjonsleiar, 55974124

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 BERGEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5176297460
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 10.11.2026
Sluttdato: 02.01.2028
Søknadsfrist: 01.11.2026

Kontaktpersoner
Frank Tore Jenssen
Seksjonsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter