Lege i spesialisering i ortopedisk kirurgi. Vikariat

Stilling
Lege i spesialisering i ortopedisk kirurgi - vikariat
Lokasjon
Hagavik
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
22. nov.
Få påminnelse
13 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Ved Kysthospitalet i Hagevik er det ledig eit vikariat for lege i spesialisering innan ortopedisk kirurgi (LIS2/3), med tilsetting frå snarast. Varigheit av vikariatet er 6 månadar med moglegheit for forlenging. Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanninga. 

Helse Bergen HF, Ortopedisk klinikk inkluderer Ortopedisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus samt Kysthospitalet i Hagevik. Kysthospitalet er eit spesialsjukehus for ortopedisk kirurgi. Dei store pasientgruppene treng ryggkirurgi eller protesekirurgi, i tillegg er det mindre pasientgrupper for annan elektiv ortopedi. For å dekke læringsmåla innan traumatologi er det avtale om rotasjon til ortopedisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus.

Vi har ein sengepost med 22 senger, 4 operasjonsstover og ein oppvakningsavdeling. Sjukehuset har 6-døgnsdrift, det vil si at sjukehuset stenger laurdag kl. 16.00, og opnar måndag morgon kl. 7.00. Dei fleste heilagdagar er sjukehuset stengt, slik at ein har fri påske og jul/nyttår.

Avdelingane er knytt til Det Medisinske Fakultet, Klinisk institutt 1 ved UiB og har ansvar for undervisninga av medisinstudentar. Legane må derfor delta i undervisning etter nærare avtale.


Arbeidsoppgåver

  • Arbeidstid og vaktplan etter ein godkjend tenesteplan

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3 stilling i ortopedisk kirurgi
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Må ha grunnleggande IKT-kompetanse (Windows operativsystem og Office)
  • Må ha kunnskap om EPJ og andre fagsystem

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert
  • Ansvarsbevisst
  • Beslutningsdyktig
  • Fleksibel
  • Engasjert
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Vi er ei IA-bedrift, dvs. ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift.
  • LIS legane har 6-delt vaktordning, med fri kvar søndag. 
  • Vi har 6-døgnsdrift, dvs. sjukehuset stenger laurdag kl 16:00
  • I tillegg til fri kvar søndag, stenger vi dei fleste helge- og høgtidsdagar. Vi har også stengt i påskeveka, og mellom jul- og nyttår

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Kristine Vinje Haukaas, Spesialrådgivar, 56566083, kristine.vinje.haukaas@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Hagaviksbakken 25
5217 Hagavik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5206301944
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.01.2027
Søknadsfrist: 22.11.2026

Kontaktpersoner
Kristine Vinje Haukaas
Spesialrådgivar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter