Lege i spesialisering
Om stillinga
Medisinsk klinikk, Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledig to stillingar for lege i spesialisering i indremedisin, med moglegheit for spesialisering innan våre øvrige hovudspesialitetar; blodsjukdommar, endokrinologi, fordøyelsessjukdommar, geriatri, infeksjonssjukdommar og nyresjukdommar. Stillinga er ledig frå 01.03.2027.
Vi tilbyr spesialistutdanning som dekker heile utdanningsløpet i alle spesialitetane. Etter fullført spesialisering vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.
Klinikken har eigne seksjonar for blodsjukdommar, fordøyelsessjukdommar, hormonsjukdommar, geriatri, infeksjonssjukdommar, nyresjukdommar, klinisk ernæringsfysiologi, sosionomtenester, kontortenester og forsking. Klinikken har ansvar for diagnostikk og behandling av pasientar med eit breitt spekter av indremedisinske tilstandar og har fem sengepostar med 71 senger, mellom dei 12 overvakingssenger til våre ulike pasientkategoriar. Klinikken har vel 650 tilsette, har 5500 døgnopphald, mest øyeblikkeleg hjelp, og driv i tillegg ei stor poliklinisk verksemd med meir enn 80.000 konsultasjonar kvart år. Klinikken har eiga dialyseavdeling med 15.000 dialysar årleg og stor gastroenterologisk endoskopisk og ultrasonografisk verksemd.
Saman med Klinisk Institutt 1 og 2, Universitetet i Bergen, har klinikken ei stor forskingsverksemd.
Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram godkjend politiattest (vandel) jf. Lov om helsepersonell § 20a.
Arbeidsoppgåver
- Delta i klinikken sine ulike aktivitetar
- Delta i medisinsk forvaktsordning
- Delta i undervisning i Medisinsk klinikk
- Klinisk undervisning for studentar inngår i oppgåvene
- Delta i kvalitets- og forbetringsarbeid i klinikken
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett må ha norska autorisasjon og godkjend tirnustjeneste/LIS1 eller tjeneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3 stilling i indremedisin
- Søkar må meistre norsk munnleg og skriftleg
- Forskningsinteresse eller-erfaringer er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Vi søker etter lege med interesse for indremedisin
- Må ha gode evner til å arbeide med pasientar
- Må vere godt motivert, fleksibel og ha gode samarbeidsevnr på tvers av medarbeidargrupper
Vi tilbyr
- Stimulerande arbeidsmiljø i ein aktiv klinikk med høg fagkompetanse
- Sterkt fokus på praktisk og teoretisk opplæring, undervisning og forsking
- Gode høve for deltaking i forsking
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Lønn etter gjeldane overeinskomstar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Trond Bruun, Seksjonsleiar, Seksjon for infeksjonssjukdommar, 55975657, trond.bruun@helse-bergen.noSteinar Skrede, Assisterande klinikkdirektør, 55972947, steinar.skrede@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5203039196
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.11.2026