Lege - 1 fast stilling, 1 vikariat 

Stilling
Lege - 1 fast stilling, 1 vikariat
Lokasjon
Bergen
Antall posisjoner
2
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
02. des.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Er du ein lege som vil bruke arbeidstida di på å behandle pasientar og fritiden din til å ha fri? Da kan vi vere arbeidsplassen for deg. Om du trivast med kontorarbeid er nok andre arbeidsstader betre eigna.  

På Bergen Helsehus er det mange pasientar som mottar helsehjelp til alle døgnets tider. Skadepoliklinikken er lokalisert i Bergen Helsehus og er ei avdeling i Helse Bergen underlagd Ortopedisk Klinikk. Vi vurderer og behandlar eit stort antall pasientar dag, kveld og helg gjennom heile året. Skadepoliklinikken og kommunens legevakt samarbeider om legetenesta på Skadepoliklinikken, Daglegevakten og Overgrepsmottaket i ein felles bemanningsordning.  

Vi har ledig to stllingar, eit 100% vikariat i eit år, og ein 56,58% fast stilling frå 01.03.27. Vi er fleksibel på oppstartsdato.

Du er velkommen til å ta kontakt dersom du har spørsmål. 


Arbeidsoppgåver

  • Legeteneste innan skadepoliklinikk med brot- og sårbehandling, samt teneste dagtid ved kommunal allmennlegevakt
  • Utgreiing og oppfølging av overgrepsutsette
  • Delta i opplæringsfunksjonar, øvingar og kursverksemd

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Gjennomført LIS 1 teneste
  • Kurs og trening i akuttmedisin
  • Godkjend politiattest må kunne visast ved tilsetting
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Arbeidserfaring med akutte skadar og legevaktsarbeid
  • Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar 

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du er punktleg og påliteleg
  • Du jobbar sjølvstendig
  • Du har høg arbeidskapasitet og evnar å ta raske og gode avgjerder når det gjeld
  • Du må ha gode samhandlingsevner og må kunne kommunisere med pasientar og deira pårørande på ein god måte
  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper og samarbeidspartnarar
  • Du har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende
  • Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar og arbeider stabilt under press

Vi tilbyr

  • God balanse mellom privatliv og jobb – legane våre har minimalt etterarbeid og administrative oppgåver
  • Rullerande arbeidsplan med arbeidshelg kvar 5.helg og friveke kvar 10. veke i full stilling
  • Ingen langvakter
  • Nattarbeid avgrensa til heimevakt gjennomsnittleg 1 vakt kvar 3. veke i full stilling
  • Fagleg fordjupningsdag annan kvar veke
  • Ja, du får ha lunsjpause kvar dag
  • Aldri kjedeleg – ein variert og spennande arbeidskvardag
  • Ei legerolle der kliniske ferdigheiter er sentrale i arbeidskvardagen
  • Tett integrasjon mellom røntgendiagnostikk og klinisk diagnostikk
  • Lav terskel for fagleg diskusjon og openheitskultur– frå dei små detaljar til dei store linjer
  • Ein arbeidsplass der gode idéar har grobunn
  • Ein dynamisk arbeidsplass med blikket retta framover
  • Ei avdeling med fokus på pasientsikkerheit, gode pasientforløp og omsorg for både pasientar og tilsette
  • Fleksibel oppstartsdato


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Torbjørn Hiis Bergh, Seksjonsleiar lege, 55568714
Njål Kleven, Overlege, 53031821, njal.kleven@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Solheimsgaten 9
5058 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5211673883
Stillingsprosent: 56,58, 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 01.03.2027
Sluttdato: 16.04.2028
Søknadsfrist: 06.12.2026

Kontaktpersoner
Torbjørn Hiis Bergh
Seksjonsleiar lege
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter