Ledige vikariat som radiograf
Radiologisk avdeling i Helse Bergen er ein moderne og høgteknologisk arbeidsplass som nyttar Sectra RIS og PACS-system, og ein utstyrspark i toppklasse. Her jobbar over 350 flinke folk, kring 160 av dei er radiografar, fordelt på fleire seksjonar med eiga fagmiljø og leiing.
Seksjon for Barn/Unge CT/Generell har fleire ledige vikariat frå starten av 2027. Hovudsakleg 100% vikariat, men deltidsvikariat kan og vera aktuelt.
På vår seksjon jobbar radiografane med varierte oppgåver; konvensjonell røntgen, gjennomlysning, CT, MR, og dei bistår også radiologar med ultralyd. Det er mogeleg med både utelukkande dagtidsarbeid, eller turnusarbeid med varierande vaktbelastning.
Arbeidsoppgåver
- Radiograffaglege oppgåver
- Merkantile oppgåver
- Pasientadministrasjon
- Delta i seksjonane sine interne kontrollrutinar
- Delta i fagleg utvikling
Du må
- Ha norsk autorisasjon som radiograf
- Meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg
- Ha gode IKT-kunnskapar
Vi ser føre oss at du
- Behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
- Trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
- Har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
- Er fagleg interessert, fleksibel og sjølvstendig
- Er strukturert, nøyaktig og påliteleg
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Hege Kristin Hommedal Blom, Seksjonsleiar, +47 55975221, hege.kristin.hommedal.blom@helse-bergen.noArbeidsstad
Haukelandsveien 225021 BERGEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5194101380
Stillingsprosent: 80%
Vikariat
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 25.10.2026