Helsefagarbeidar/hjelpepleiar til vikariat i Medisinsk seksjon

Stilling
Ledige stillingar for helsefagarbeidare ved Voss sjukehus
Lokasjon
Voss
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
30. okt.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post
Voss sjukehus har ledig 80% vikariat for helsefagarbeidar/hjelpepleiar på Medisinsk seksjon, sengepost. 

Stillinga er ledige frå 01.12.2026 eller etter avtale.

Vi har ledig 80% vikariat for helsefagarbeidar/hjelpepleiar ved sengeposten i Medisinsk seksjon fram til 30.11.2027. Vi ser etter deg som ynskjer å arbeida i eit aktivt miljø med høg faglegheit.

Stillinga inngår i todelt vaktordning (dag, kveld) og arbeid kvar 3. helg. 

OM AVDELINGA
Medisinsk sengepost  er lokalisert under Medisinsk seksjon, og har 20 heildøgnssengeplassar. Det blir behandla pasientar med ulike indremedisinske diagnosar, som til dømes hjarte, lunge, nyre, mage, tarm, hjerneslag, infeksjonar, diabetes og kreft.  Sengeposten har nært samarbeid med andre profesjonar i sjukehuset. 

OM SJUKEHUSET
Voss sjukehus har akuttberedskap innan indremedisin, kirurgi og ortopedi, føde- og gynekologi. Sjukehuset har høg aktivitet og ynskjer å halde fram den positive utviklinga. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar fordelt på fem kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar frå Sogn og frå Hardanger.

OM VOSS
Voss har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Nord-Europas mest moderne gondolbane er opna i desse dagar og ligg nokre steinkast frå sjukehuset. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.


Arbeidsoppgåver

  • Pleie og oppfylgjing av pasientar
  • Observasjon av pasientar (NEWS)
  • Oppgåver knytt til ernæring, hygiene og generell drift av sengeposten

Kvalifikasjonar

    • Den som blir tilsett må meistre norsk, svensk eller dansk for munnleg og skriftleg dokumentasjon
    • Søkjar må ha norsk autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar

    Personlege eigenskapar

    Vi tenkjer at du:

    • Er ein god teamarbeidar
    • Trivst i eit aktivt og travelt miljø
    • Likar utfordringar
    • Har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ynskjer å vidareutvikla kompetansen din

    Vi tilbyr

    • Opplæring med fadder
    • Medverknad til arbeidsplan
    • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø i Medisinsk seksjon og på Voss sjukehus
    • Løn etter gjeldande overeinskomst


    Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Sissel Marie Finne, Ass seksjonsleiar, 56533780, sissel.marie.finne@helse-bergen.no
    Stine Hernes, Ass seksjonsleiar, 56533780, stine.hernes@helse-bergen.no

    Arbeidsstad

    Sjukehusvegen 16
    5704 Vossevangen

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

    Referansenr.: 5195676129
    Stillingsprosent: 80%
    Vikariat
    Startdato: 01.12.2026
    Søknadsfrist: 30.10.2026

    Kontaktpersoner
    Sissel Marie Finne
    Ass seksjonsleiar
    Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
    Lag en profil og få personlige jobbforslag.
    Relaterte bedrifter