Korttidspost Engenhuset søker strukturert og engasjert sjukepleiar/ vernepleiar
RAK Korttidspost Engenhuset er ein del av Rus- og avhengigheitsklinikken (RAK) i Helse Bergen HF. Vi held til i flotte, nye lokale i Håkonsgaten 1 - midt i Bergen sentrum.
På Engenhuset er vi eit stort fagmiljø beståande av korttidspostane, Heroinassistert behandling (HAB), Poliklinikk, KORUS, forsking, Ambulant og URO. Vi gir tilbod om rusbehandling til 24 pasientar fordelt på 2 postar. Vi tilbyr kjønnsdelt behandling, derav ein post for kvinner og ein post er for menn. På korttidspostane jobbar vi hovudsakleg med medisinsk avrusing men har stort fokus på å utøve god miljøterapi. Vi har også eigen treningsterapeut og musikkterapeut.
Vil du ha ein variert arbeidskvardag i eit sterkt fagmiljø, samtidig som du får meir fri i kvardagen?
Ved Korttidspost Engenhuset har vi nå ledig en spennende 100% stilling for deg som er utdannet sykepleier eller vernepleier. Stillingen kombinerer faste dagvakter i ukedagene med langvakter kvar 4. helg.
Har du erfaring innen psykisk helsevern eller TSB/rusomsorg og ønsker å gjere ein forskjell i pasientens veg mot betring? Hos oss møter du pasientar med samansette behov, og blir ein viktig del av eit tverrfagleg miljø med høg fagleg kompetanse.
Arbeidsoppgåver
- Medisinsk oppfølging av inneliggande pasientar
- Observasjon, vurdering og tiltak knytta til abstinens og psykisk helse
- Relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å skape endring
- Tverrfagleg samarbeid med legar, psykologar og øvrig behandlingsapparat
- Følge opp praktiske gjeremål på post
- Elektronisk dokumentasjon og kurveføring i DIPS og Meona
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Har erfaring frå arbeid med psykisk helsevern eller TSB/rusomsorg
- Fagleg engasjement og interesse for rusbehandling
- Trivst i ein kvardag prega av tverrfagleg samarbeid og pasientkontakt
- Har gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til å handtere krevande situasjonar med ro og tryggleik
- Er strukturert, fleksibel og en positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare. Dokumentasjon må leggast ved søknad
Personlege eigenskapar
- Trivst med å jobbe i team og bidrar til eit positivt og fagleg sterkt arbeidsmiljø
- Er fleksibel og løysingsorientert i ein hektisk kvardag
- Evne til å etablere og vedlikehalde gode relasjonar
- Gode samarbeidsevne
- Det vil bli lagt vekt på erfaring frå psykisk helse, TSB og personleg egnethet
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og lærerik kvardag med fokus på fagleg utvikling
- Strukturert opplæring og rettleiing
- Tverrfagleg samarbeid med erfarne og dyktige kollegaer
- Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
- Langvakter med arbeid hver 4 helg
- Lønn i henhald til gjeldende tariffavtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Åse Rosén Byrkjedal Lade, Seksjonsleiar, 97740552Arbeidsstad
Håkonsgaten 15015 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5189514183
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.10.2026