Klinikkleiar
Vil du vere med å utvikle sikkerheitspsykiatri og framtidas psykiske helsevern på Sandvikenområdet?
Vi søker ein leiar som evnar å kombinere strategisk utvikling med god drift, og som motiverast av å skape resultat gjennom sterke fagmiljø, forsking, utdanning, samarbeid og kontinuerleg forbetring.
Haukeland universitetssjukehus er i kontinuerleg utvikling. Organisering, ansvarsområde og arbeidsoppgåver kan derfor bli justerte i takt med framtidige behov og prioriteringar. Divisjon psykisk helsevern har eit eige utviklingsprogram, "Psykisk helsevern for framtida". I dette programmet er det vedteke ein eigen utviklingsplan for Sandvikenområdet, der eit av hovedmåla er å utvikle Sandvikenområdet som eit spesialisert område, med vekt på langtidsrehabilitering, styrka sikkerheitspsykiatri og døgnplassar for pasientar med komplekse og samansette behov.
Klinikken omfattar følgande einingar:
- Kompetansesenter for sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri
- Lokal sikkerheit rehabiliteringsavdeling (LSR)
- Lokal sikkerheitspost (LS)
- Regional sikkerheitspost (RS)
- Seksjon for fengselshelseteneste
- Sikkerheitspoliklinikken
Arbeidsoppgåver
Som klinikkleiar vil du ha heilskapleg ansvar for:
- Strategisk leiing og vidareutvikling av klinikken i tråd med nasjonale føringar, regional plan og divisjonen si retning
- Å sikre fagleg kvalitet, gode pasientforløp og forsvarlege tenester innan eit høgrisikofelt
- Personalansvar, rekruttering og kompetansebygging i alle einingar
- God intern og ekstern samhandling, særleg med politi, kriminalomsorg, kommunar og andre klinikkar
- Å etablere og halde ved lag god informasjonsflyt, føreseielege prosessar og tydelege prioriteringar
- Endringsleiing, inkludert å strukturere, forankre og følge opp naudsynte utviklingsprosessar
- Økonomi- og resultatstyring
Kvalifikasjonar
Vi søker ein leiar med tydeleg fagleg integritet og strategisk forståing. Du bør ha:
Krav:
- Høgare relevant utdanning på masternivå eller embetsstudium
- Leiingserfaring frå større einingar, helst innan spesialisthelsetenesta
- God innsikt i lovverk, beredskap og risikohandtering
- Dokumenterte resultat frå endringsarbeid og strategisk utvikling
- God rolleforståing og erfaring med samarbeid i komplekse organisasjonar
Ønskeleg:
- Erfaring frå sikkerheitspsykiatri, akuttpsykiatri eller anna relevant høgrisikoverksemd
- Kjennskap til samhandling mellom helse, kriminalomsorg, politi og rettsvesen
- Erfaring frå arbeid med faglege kvalitets- og styringssystem
Personlege eigenskapar
Vi søker ein leiar som:
- Evnar å sjå heilskap og samanhengar i ein kompleks organisasjon
- Er trygg i strategiske val og prioriteringar
- Har stor gjennomføringsevne og skaper resultat gjennom andre
- Bygger tillit og gode relasjonar internt og eksternt
- Kommuniserer tydeleg og samlande
- Motiverer, støttar og utviklar leiarar og medarbeidarar
- Er utviklingsorientert og framtidsretta
- Kombinerer høge ambisjonar med god rolleforståing og samarbeidsevne
Vi legg særleg vekt på at du:
- Er ein synleg, trygg og samlande leiar
- Har høg integritet og gode samarbeidsevne
- Handterer komplekse problemstillingar på ein konstruktiv måte
- Evnar å balansere langsiktig utvikling med krav til dagleg drift
- Skaper engasjement, retning og felles målforståing
- Er robust og kan ta avgjerder i krevande situasjonar
Vi tilbyr
- Ei sentral leiarstilling i eit høgt spesialisert fagfelt med stort samfunnsoppdrag
- Eit engasjert og kompetent fagmiljø
- Moglegheit til å påverke i arbeidet med å forme framtidas tenester innan psykisk helsevern
- Moglegheit til å påverke utviklinga av sikkerheitspsykiatrien regionalt og nasjonalt
- Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
- Løn etter avtale
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Randi-Luise Møgster, Direktør Divisjon psykisk helsevern, 91342978Arbeidsstad
Sandviksleitet 15036 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5206240274
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.11.2026