Kantine- kafémedarbeidar 

Stilling
Kantine/kafémedarbeidar
Lokasjon
Bergen
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
06. des.
Få påminnelse
23 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vil du skape gode opplevingar gjennom mat og service?

Kvar dag møter vi hundrevis av gjestar i våre kantinar og kafear ved Haukeland universitetssjukehus. For mange er måltidet eit viktig avbrekk i ein travel arbeidsdag, medan andre er på sjukehuset som pasient eller pårørande. Då betyr det ekstra mykje å bli møtt av medarbeidarar som ser menneska rundt seg og leverer god service med eit smil.

No har vi ledig ein 100% vikarstilling frå 4. januar 2027, eller etter avtale, til juni 2027 som kantine-/kafémedarbeidar ved Hospitaldrift Matforsyning Kafé.

Vikariatet har moglegheit for forlenging og inngår i avdelinga si gjeldande turnusordning med arbeidstid pt kvar tredje helg og arbeidstid mellom kl. 07.00 og 19.00. 
Det blir tatt atterhald om at turnus og arbeidstid kan bli endra.

Vi søker ein fleksibel, sjølvstendig og ansvarsbevisst medarbeidar som trivst med kundekontakt, likar ein aktiv arbeidskvardag og ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø. Hos oss blir du ein del av eit inkluderande team der kvalitet, matglede og service står i sentrum.

Kandidatar kan bli kalla inn til intervju undervegs i prosessen.

Om oss
Hospitaldrift er ei avdeling med rundt 800 medarbeidarar fordelt på åtte einingar. Matforsyning har ca. 160 tilsette og forvaltar eit betydeleg driftsbudsjett. Vi arbeider målretta med kvalitet, matglede og vidareutvikling av konseptet “Mat som medisin”, som er eitt av føretaket sine strategiske satsingsområde. Eininga har som hovudoppgåve å ivareta produksjon, utvikling og distribusjon av mat til pasientar, pårørande og tilsette ved Haukeland universitetssjukehus, samt til andre einingar i Helse Bergen og omliggande kommunar.

Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til føretaket. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, pasienttransport og andre interne transporttenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester og sentralbordtenester.


Arbeidsoppgåver

  • Yte profesjonell service og kundebehandling
  • Betening av kasse - betalingssystem
  • Tillaging av både varm og kald mat
  • Vareeksponering
  • Reinhald, oppvask og rydding
  • Anna forefallande arbeid etter behov
  • Bidra til eit positivt og godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar

  • Ha gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg på nivå med B2 eller tilsvarande. Språkleg kunnskapsnivå må kunne dokumenterast
  • Erfaring frå kantine- eller kafédrift og kundebehandling
  • Vere serviceinnstilt og imøtekommande
  • Ha kjennskap til IK-mat
  • Vere løysingsorientert
  • Over 18 år
  • Taklar fysisk krevande arbeid

Personlege eigenskapar

  • Er kundevennleg, omgjengeleg og serviceinnstilt
  • Har god orden og evne til å jobbe både sjølvstendig og i team
  • Evner til å sette seg inn i kundens ønsker og behov
  • Er strukturert og nøyaktig
  • Er fleksibel og kan arbeide i eit hektisk miljø
  • Er fagleg interesse og engasjement
  • Evner til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er: "MAT SOM MEDISIN"
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Eit aktivt bedriftsidrettslag
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

René Kaser, Seksjonsleiar, 55974905

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5210036062
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 04.01.2027
Sluttdato: 27.06.2027
Søknadsfrist: 06.12.2026

Kontaktpersoner
René Kaser
Seksjonsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter