Helsesekretær og sekretær - faste stillingar

Stilling
Helsesekretær og sekretær til faste stillingar
Lokasjon
Bergen, Straume
Antall posisjoner
4
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
07. okt.
Søknadsfrist
25. okt.
Få påminnelse
17 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte helsesekretærar og sekretærar.

Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa. 

Vi ser etter deg som sett pasienten i fokus, som trivst med utfordringar, er fagleg dyktig, og som likar å arbeide i eit travelt og spennande miljø. Oppgåvene blir løyst i tett samarbeid med andre faggrupper i sjukehuset.

Vi har ledig fast stilling ved desse avdelingane:


Oppgi øverst i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke.


Arbeidsoppgåver

Lungeavdelinga, Seksjon kontor
Vil du vere med å løfte Lungeavdelinga til nye høgder?
Kontorfagleg gruppe ved Lungeavdelinga består av 13 dyktige medarbeidarar som brenn for å gi våre lungesjuke pasientar eit godt møte med sjukehuset. Vi er sjølve navet i heile avdelinga, då vi jobbar tett på både pasientar og faggrupper og har ei sentral rolle i den daglege drifta. Arbeidskvardagen vår er prega av samarbeid, struktur og høg fagleg kvalitet. Vi ser etter deg som har blikk for logistikk og god flyt i arbeidsprosessar, og som trivst med IKT-system og ønsker å bidra til utvikling av digitale løysingar. Du er fleksibel, tar initiativ og bidrar til eit positivt arbeidsmiljø med godt humør. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt, og helsefagleg bakgrunn er ein fordel, men ikkje eit krav.

Stillinga inneber varierte og meiningsfulle oppgåver som timekoordinering, pasientadministrasjon, telefonbetening og resepsjonsarbeid. Du vil samarbeide tett med ulike faggrupper i eit travelt og fagleg sterkt miljø, og møte pasientar i krevjande situasjonar med tryggleik og respekt. Vi ser etter ein kollega som tar ansvar i kvardagen, kommuniserer tydeleg og trivst med både pasientkontakt og samarbeid med kollegaer.
Er du vår nye kollega ved Lungepoliklinikken? Då håpar vi du søker!
Kontakt: Kirsten Nøttingnes, tlf. 900 82 756.

Ortopedisk klinikk
Vil du bli ein del av eit av Noregs største og mest spennande ortopediske fagmiljø?
Ortopedisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus er ein del av Ortopedisk klinikk og behandlar årleg om lag 5 000 inneliggande pasientar, 1 200 dagkirurgiske pasientar og gjennomfører over 20 000 polikliniske konsultasjonar. Avdelinga har eit høgt aktivitetsnivå og handterer ein stor del øyeblikkeleg hjelp.
Vi er ein viktig del av pasientforløpet og har eit godt tverrfagleg samarbeid på tvers av faggrupper. Ved avdelinga arbeider det i dag 19 sekretærar fordelt på fleire einingar i Sentralblokka.

Vi har no ledig 100% fast stilling som helsesekretær/medisinsk sekretær ved poliklinikken. Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag i eit triveleg arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og spennande arbeidsoppgåver. Vi ser etter deg som er positiv, engasjert og serviceinnstilt, og som trivst i ein aktiv arbeidskvardag. Den som blir tilsett må vere innstilt på å bidra med ulike sekretæroppgåver ved avdelinga etter behov.
Ønskeleg med snarleg oppstart.

Kontakt: Paula Carolina Sætre 9187569

Kvalifikasjonar (overskrift)

Øyane DPS
Serviceseksjonen ved Øyane DPS søker ny medarbeidar. Sidan seksjonen vår er liten, må ein vera innstilt på å læra seg/arbeide med alle kontorfaglege oppgåver som kjem vår veg. Vi ønsker å ta godt imot pasientane på telefon og i luke, vi har sentrale oppgåver knytta til kvalitet og pasientsikkerheit. Personlege eigenskapar blir vektlagt.

Vi ønsker deg som bidrar godt i arbeidsmiljøet, beheld roen når det kokar, elsker DIPS, og er løysingsorientert. Vi gler oss til å lesa din søknad!
Kontakt: Sigrid-Marie Mikkelsen, tlf. 56326641.

Arbeidsoppgåvene kan variere frå avdeling til avdeling 

  • Pasientadministrative oppgåver
  • Telefon/resepsjonsteneste
  • Bestilling av transport/overnatting/tolk med meir
  • Økonomisk oppgjer
  • Yte service til pasientar, pårørande og kollegaer
  • Administrative oppgåver som til dømes bestilling av utstyr


Kvalifikasjonar

  • Autorisert helsesekretær, medisinsk sekretær, sekretær
  • Helsesekretær må ha norsk autorisasjon
  • Relevant sjukehuserfaring er ønskeleg men ikkje eit krav
  • Du må ha gode IKT-kunnskapar
  • Kunnskap og erfaring med IKT-systema vi nyttar i Helse Bergen (t.d. Dips, Libra) vil vere ein fordel
  • Du må meistre norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • Nøyaktigheit
  • Serviceinnstilling
  • Fleksibel og evne til å ta utfordringar
  • Kunne arbeide sjølvstendig og i team

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

Kontaktinformasjon

Sjå kontaktperson , oppgitt for den enkelte avdelinga
Cathrine Fauske Haferkamp, Seksjonsleiar Bemanningssenteret, cathrine.fauske-haferkamp@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5191160448
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.10.2026

Kontaktpersoner
Cathrine Fauske Haferkamp
Seksjonsleiar Bemanningssenteret
Sjå kontaktperson
oppgitt for den enkelte avdelinga
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter