Sjukepleiar og vernepleiar - faste stillingar frå sommaren 2027 i Psykiatrisk klinikk

Stilling
Faste stillingar for sjukepleiar og vernepleiar frå sommaren 2027 i Psykiatrisk klinikk
Lokasjon
Bergen
Antall posisjoner
10
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
29. nov.
Få påminnelse
24 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe i Psykiatrisk klinikk.

Vil du vere med og vidareutvikle eit viktig og framtidsretta behandlingstilbod i psykisk helsevern? Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen har starta arbeidet Program Psykisk helsevern for framtida. Målsettinga er å legge det faglege fundamentet for å kunne gi befolkninga i området eit framtidsretta psykisk helsevern. Vi håpar du vil vere med på reisa vår!

Psykisk helse angår alle. Nesten halvparten av oss vil i løpet av livet oppleve lettare eller tyngre psykiske lidingar. Divisjon psykisk helsevern skal tilby utgreiing, behandling og rehabilitering til barn, unge og vaksne som blir tilvist til ein av våre sju klinikkar. Behandlingstilbodet vårt omfattar akuttbehandling, ambulante tenester, poliklinisk behandling, dagbehandling og døgnbaserte tenester. 

Psykiatrisk klinikk tilbyr spesialisert vurdering, diagnostisering, behandling og rehabilitering for vaksne over 18 år. Klinikken vår består av Psykiatrisk akuttmottak (PAM), Avdeling for Stemningslidingar, Avdeling spesialisert psykosebehandling, Regional Avdeling Spiseforstyrringar og Avdeling alderspsykiatri.

Vi har ledig 100% faste stillingar i Psykiatrisk klinikk med oppstart frå sommaren ved: Stillingane har 2-delt turnus og 3. kvar helg om ikkje anna er oppgitt.

*  Avdeling for stemningslidingar, Seksjon S1/S6 søker sjukepleiar/vernepleiar. 2-delt turnus og kvar 2. helg i sommarperioden
*  Avdeling spesialisert psykose, Seksjon S3/S4/S5 søker sjukepleiar/vernepleiar. Noko 3-delt turnus og kvar 3. helg i sommarperioden
*  Psykiatrisk akuttmottak, PAM1/PAM2 søker sjukepleiar/vernepleiar. Noko 3-delt turnus og 2. kvar helg i sommarperioden 
*  Seksjon for Alderspsykiatri, døgneining søker sjukepleiar/vernepleiar, 2-delt turnus og kvar 3. helg

Kandidatar vil bli tilsett i 100% fast stilling ved Psykiatrisk klinikk, pt i sommarturnus ved ein avdeling. Frå hausten 2027 kan stillinga bli ved same avdeling eller ved annan  avdeling i Psykiatrisk klinikk.

Oppstart i stillinga vil vere frå Juni eller etter nærare avtale med avdelinga. Du må kunne arbeide minimum 4-6 veker samanhengande i perioden veke 24/25 - 32/33. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på linken i navnet. 


For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.


Arbeidsoppgåver

Avdeling Stemningslidingar har eit godt og kompetent arbeidsmiljø og avdelinga tilbyr spesialisert utgreiing og behandling på sjukehusnivå til pasientar med stemningslidingar. Målgruppa er pasientar med bipolare lidingar, alvorleg depresjon, affektive psykosar og blandingstilstandar. Avdelinga tilbyr tverrfagleg, spesialisert behandling som blir individuelt tilpassa den einskilde pasient. 

Seksjon S1 er lukka døgnseksjonar med 8 ordinære døgnplassar og 3 psykiatriske instensivplassar medan Seksjon S6 har 12 døgnplassar. Vi tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, kronoterapi og fysisk aktivitet. Behandlarteamet er sett saman av psykiatriske sjukepleiarar og vernepleiarar, helsefagarbeidarar, sosionom, psykiater, psykologspesialist, og lege i spesialisering (LIS1 og LIS3).

Vi søker etter sjukepleiarar som skapar gode relasjonar til dei rundt seg, er ansvarsbevisst, fagleg nysgjerrig og som trivast i eit aktivt miljø med varierande utfordringar. 
Kontakt, Seksjon S1: Marte Bjørgve, Tlf. 55958712
Kontakt, Seksjon S6: Jan Legreid, Tlf. 55958762

Akutt psykose, Seksjon S3, S4 og S5 er akutte, lukka poster med 9 og 12 sengeplassar og er skjerma einingar for menneske med psykoselidingar. Seksjonane er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP) ved Sandviken sjukehus. Opgåvene er m.a. å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i akutt fase av sitt psykoseforløp. Parallelt samarbeider vi med instansar utanfor sjukehuset for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod. Vi er ei avdeling med eit godt arbeidsmiljø som treng ein tilsett som både har lyst på ei utfordring innan akuttpsykiatri og som kan bidra til å oppretthalde det gode arbeidsmiljøet. Avdelinga er  ein spennande og utfordrande arbeidsplass med gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter. 
Kontakt Seksjon S3: Mari Lerum, Tlf. 55958722. 
Kontakt Seksjon S4: June Bønæs Nødtvedt, Tlf. 55958848
Kontakt Seksjon S5: Liv Mala, Tlf. 55958755

Kvalifikasjonar (overskrift)

PAM1/PAM2 har vi i oppgåve å ta imot, ta vare på og behandle menneske i den akutte fasen av ein psykisk liding. Vi tar imot både pasientar som er hos oss frivillig og som er her på tvang etter lov om psykisk helsevern. Postane er lukka, noko som betyr at utgangsdøra er låst. 
På sengepostane får du tildelt behandlar og miljøkontakt. Vi jobbar tverrfagleg. Hos oss treff du psykologar, psykiatarar, sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar og assistentar. PAM har også knytt til seg sosionom og prest.
Kontakt PAM1: Pål Audun Hegland, Tlf. 55956480 eller Gunn Andersen, Tlf. 55956422
Kontakt PAM2: Anja Marie Engh, Tlf. 55956412 eller Vemund Lægreid Grønstøl, Tlf. 9086239

Seksjon for Alderspsykiatri er lokalisering i Glasblokkene på  haukeland og er ein døgneining med 12 sengeplassar, samt polikliniske og ambulante tenester. Seksjonen greier ut og behandlar pasientar med alvorlege psykiske lidingar som debuterer etter fylte 65 år. Alderspsykiatriske lidingar er kjenneteikna ved at det er samanheng mellom psykiatrisk og somatisk sjukdom, eller mellom psykiatrisk sjukdom og biologisk, psykologisk eller sosiale aldringsfenomen. Døme kan vere alvorleg depresjon, invalidiserande angstliding og akutt forvirringstilstand, ofte med organiske årsaker. Vi tar også imot pasientar med uavklart kognitiv svikt med psykiatriske tilleggssymptom, paranoide tilstandar og andre funksjonelle lidingar. 
Kontakt: Lisa Hartveit, Tlf. 55974535

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for oppfølging og ivaretaking av pasientar
  • Gjennomføre miljøterapeutiske tiltak i henhald til behandlingsplan
  • Skape eit trygt og godt behandlingsmiljø rundt pasienten
  • Bidra i det tverrfaglege samarbeidet rundt pasienten

Kvalifikasjonar

  • Du har eller vil få norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar innan sommaren 2027
  • Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern og/eller rus vil vere ein fordel
  • Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare

Vi tilbyr

  • Ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Engasjerte medarbeidarar i ein spennande avdeling med nybrotsarbeid

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Sjå kontaktperson, oppgitt for den enkelte avdelinga
Karina Vorland Løvstad, Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret, karina.vorland.lovstad@helse-bergen.no

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5205513456
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.11.2026

Kontaktpersoner
Karina Vorland Løvstad
Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret
Sjå kontaktperson
oppgitt for den enkelte avdelinga
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter