Norsk Koordineringssenter for Blodberedskap, bioingeniør/sjukepleiar

Stilling
Bioingeniør/sjukepleiar
Lokasjon
Bergen
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
18. okt.
Få påminnelse
19 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Helse Bergen har fått i oppdrag frå Helse Vest, på vegne av dei regionale helseføretaka, å leie eit nasjonalt arbeid med å sikre forsyningstryggleik av blod og blodprodukt i Noreg. Det er difor etablert eit koordineringssenter for blodberedskap. Norsk koordineringssenter for blodberedskap - Nokblod er lokalisert i Helse Bergen og  høyrer organisatorisk til på Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin. Sentrale oppgåver for senteret er å vere eit interregionalt militært-sivilt samhandlingspunkt, etablere kurs og rutinar for sivil-militær blodberedskap, drive rådgjeving rundt utarbeiding av beredskapsplanar, logistikk, retningslinjer og prosedyrar, utvikling av blodprodukt, med meir. Senteret rapporterer til det nasjonale fagdirektørmøtet med årsplan og årsrapport.

Senteret søker etter ein positiv og engasjert bioingeniør eller sjukepleiar til eit vikariat som varer ut 2027. Stillinga er ei dagstilling på 37,5 timar per veke, med tiltreding snarast.

Bioingeniøren /sjukeplaiar vil ta del i den daglege drifta ved senteret jamfør mandat gitt av dei regionale helseføretak. Dette inkludere at du skal delta  som kurshaldar/instruktør lokalt og nasjonalt og delta i etablering av nødblodgivarkorps, tappestasjonar og vandrande blodbankar. Bioingeniøren/sjukepleiaren skal også utføre arbeid tilknyttet utviklings og forskningsprosjekter som gjennomføres i senteret. Stillinga vil innebere samarbeid med helseføretak i heile landet samt med militære fagmyndigheiter. Senteret samarbeider med internasjonale partnarar i Norden og andre land.  


Arbeidsoppgåver

  • Delta i den daglege drifta ved senteret jamfør mandat gitt av dei regionale helseføretaka. Dette inkluderer blant anna operativ rolle som nasjonalt kontaktpunkt for blodberedskap og koordinering av sivil-militær blodforsyning i krise og krig  
  • Delta i undervisning og kursing i og utanfor regionen 
  • Delta i etablering av nødblodgivarkorps, tappestasjonar og vandrande blodbankar både sivilt og militært 
  • Bidra i senteret sin kvalitets-, innovasjons-, forskings- og utviklingsaktivitet 
  • Aktivt utoverretta aktivitet med samarbeidspartnarar
  • Reising må påreknast 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør eller sjukepleiar
  • Erfaring innan transfusjonsmedisin 
  • Det er ønskeleg med erfaring med tapping og intervju av blodgivarar      
  • Det er ønskeleg med erfaring med undervisning 
  • Det er ein fordel med erfaring med prosjektarbeid og forsking  og kvalitetsarbeid
  • Må meistre norsk og engelsk godt både munnleg og skriftleg 

Personlege eigenskapar

  • Personlege eigenskapar blir vektlagt 
  • Du har eit godt lag med folk, og får fram det beste i dine medarbeidarar 
  • Du ivaretar dine medarbeidarar slik at alle kan ha ein trygg og god arbeidskvardag 
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta, strukturert og er resultatorientert 
  • Du har gode kommunikasjonsevner og arbeider godt både sjølvstendig og i team 
  • Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din 
  • Du toler å stå i krevande situasjonar 
  • Du viser tillit, respekt og fagleg tryggleik 

Vi tilbyr

  • Lønn etter gjeldane overenskomst 
  • Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar 
  • Eit aktivt og triveleg miljø 
  • Høgt fagleg nivå 
  • Kontinuerlig faglig utvikling 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Torunn Oveland Apelseth, Seksjonsleiar, ovto@ihelse.net

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5185076048
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.11.2026
Sluttdato: 31.12.2027
Søknadsfrist: 18.10.2026

Kontaktpersoner
Torunn Oveland Apelseth
Seksjonsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter