Faste stillingar og ferievikariat i Laboratorieklinikken 

Stilling
Bioingeniørar
Lokasjon
Bergen
Antall posisjoner
13
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
06. des.
Få påminnelse
31 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Laboratorieklinikken treng fleire dyktige og engasjerte bioingeniørar!

Ønskjer du ein fast heiltidsjobb i eit av Noregs største laboratoriemiljø? Eller er du bioingeniørstudent på jakt etter sommarjobb eller deltidsstilling ved sidan av studia? Då vil vi gjerne høyre frå deg.

Haukeland universitetssjukehus er ein av dei største tilbydarane av laboratorietenester i Noreg. Laboratorieklinikken tilbyr eit breitt spekter av analysar innan ulike fagområde. I tillegg til analytisk verksemd gir laboratoria rettleiing om bruk av analysar og tolking av analysesvar. Bioingeniørar utgjer den største faggruppa i laboratoria, og dei tilsette er vår viktigaste ressurs. Vi arbeider for å knyte til oss dei beste fagfolka og legger til rette for eit godt arbeidsmiljø, fagleg utvikling og høy kvalitet i arbeidet.

Laboratoria i Laboratorieklinikken har behov for bioingeniørar og bioingeniørstudentar både no, sommaren 2027 og vidare utover hausten.

Dette er ei felles utlysing for:

  • Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), inkludert:
    •  MBF Glasblokkene
    • MBF Voss
  • Mikrobiologisk avdeling (MIA)
  • Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin (AIT)
  • Avdeling for patologi (PAT)
  • Avdeling for medisinsk genetikk (MGM)
  • Kreftgenomikk (SKG)
  • Biobank Haukeland (BBH)

Ved MBF, MIA, AIT og delar av PAT inngår turnusarbeid.


Vi håpar du kan tenke deg å arbeide hos oss i Laboratorieklinikken. Dersom du har ønske om å arbeide ved eit bestemt laboratorium, ber vi om at dette blir oppgitt i søknaden.


Arbeidsoppgåver

  • Alle bioingeniørar/bioingeniørstudentar må vanlegvis delta i blodprøvetaking
  • Den som blir tilsett må pårekna både analytiske og preanalytiske oppgåver

Kvalifikasjonar

  • Fordel med relevant erfaring
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Kandidater med norsk autorisasjon som bioingeniør vil bli føretrekte, men annan relevant utdanning kan vere aktuelt

Personlege eigenskapar

  • Påliteleg og arbeidsam
  • Kunne arbeide i team
  • Ha god fagleg vurderingsevne og arbeide strukturert og målretta
  • Vere sjølvstendig, konstruktiv og fleksibel
  • Like varierte utfordringar
  • Serviceinnstilt overfor pasientar og pårørande, og du verdset samarbeid med kollegaer

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø
  • Ein klinikk i utvikling med kollegaer som er opptatt av å lære)
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Johanne Lind Aasen, Assisterande leiar, Laboratorieklinikken, 55973119, johanne.lind.aasen@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsbakken
5009 BERGEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5195005591
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.12.2026

Kontaktpersoner
Johanne Lind Aasen
Assisterande leiar, Laboratorieklinikken
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter