Avdelingsingeniør

Stilling
Avdelingsingeniør
Lokasjon
Bergen
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
08. okt.
Få påminnelse
10 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Medisinsk teknisk avdeling (MTA) har ledig vikariat som avdelingsingeniør ved Seksjon for intensiv og operasjon. 

MTA forvaltar medisinsk teknologi og informatikk i Helse Bergen. Vi tar også del i forsking, utvikling og innovasjon og har ansvar for utstyr til heimebehandling av pasientar. Arbeidsoppgåvene spenner over eit stort spekter som for eksempel å delta i anskaffingar og installasjon, planlegge og utføre service og oppdateringar, utarbeide rutinar og dokumentasjon og konfigurere medisinsk utstyr og IKT-systemløysingar.

Avdelinga legg stor vekt på kompetansebygging med kursing både internt og eksternt. Hovudfokuset for avdelinga sine om lag 90 tilsette er at meir enn 50000 utstyrseiningar og tilhøyrande IKT-systemløysingar skal kunne nyttast til beste for pasientane, og vere trygge å bruke for pasientar og behandlarar. MTA er ein del av Drift/teknisk divisjon.


Arbeidsoppgåver

  • Utføre reparasjonar, planlagde kontrollar/vedlikehald, oppdateringar og konfigurasjon
  • Delta i anskaffingar av nytt utstyr og tilhøyrande IKT-systemløysingar
  • Delta i/utføre mottak, risikovurdering og driftsetjing av utstyr og IKT-systemløysingar, oftast saman med leverandørar og andre samarbeidspartnarar
  • Delta i opplæring av teknisk og klinisk personell
  • Samarbeide med klinisk og teknisk personell for å sikre best mogeleg bruk av utstyr og IKT-systemløysingar til beste for pasientane
  • Andre oppgåver etter behov

Kvalifikasjonar

  • Bachelorgrad i medisinsk teknologi, automasjon, elektronikk eller liknande. Annan utdanning kan vurderast ved særskilt relevant erfaring
  • Det er ønskjeleg med erfaring innan forvaltning og vedlikehald av medisinsk utstyr
  • Førarkort kl. B
  • Må meistre norsk og engelsk både munnleg og skriftleg

Det er ønskeleg med samtykke frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) til å arbeide med reparasjon av elektromedisinsk utstyr.

Personlege eigenskapar

  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du er vennleg og hjelpsam mot kollegaene dine
  • Du arbeider ryddig, målretta og strukturert
  • Du tek initiativ og har evne til å gjennomføre arbeidsoppgåver
  • Du tilpassar deg lett - er serviceinnstilt, løysningsorientert og fleksibel
  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet

Vi tilbyr

  • Ei utfordrande og spanande stilling ved eit av dei største sjukehusa i Noreg
  • Ein allsidig jobb med gode moglegheiter for utvikling
  • Eit stabilt arbeidsmiljø prega av stort mangfald både i utdanningsnivå og profesjon (fag)
  • Moglegheit for å væra medlem i eit aktivt bedriftsidrettslag
  • Fleksibel arbeidstidsordning
  • Pensjon og forsikringsvilkår i KLP
  • Lønn etter avtale

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Kirsti Legernes, Seksjonsleiar, 92684925, mta@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5185401516
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 16.11.2026
Sluttdato: 30.10.2027
Søknadsfrist: 08.10.2026

Kontaktpersoner
Kirsti Legernes
Seksjonsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter