Sjukepleiar til kreftpoliklinikken vår
Likar du å jobbe sjølvstendig, lære noko nytt og ha kollegaer som stiller opp for kvarandre? Då vil vi gjerne bli kjende med deg!
På kreftpoliklinikken ved Haugesund sjukehus får du ein arbeidsdag der både fagkunnskapen din og møtet med menneske betyr mykje. Du følgjer opp pasientar i ulike fasar av kreftsjukdommen. Nokre får behandling for å bli friske, andre for å kunne leve best mogleg med sjukdommen. Felles for dei er at dei treng sjukepleiarar som er fagleg trygge, lyttar og ser mennesket bak diagnosen.
Kreftbehandling er eit fagfelt i stadig utvikling, og hos oss lærer vi noko nytt heile tida. Du får ansvar, men står ikkje åleine. Her er terskelen låg for å stille spørsmål, og vi deler kunnskap og hjelper kvarandre når det trengst.
Og no skjer det mykje hos oss! I 2027 flyttar kreftpoliklinikken og sengeposten inn i ei ny, felles kreftavdeling. Då får vi legar, palliativt team og kollegaer frå sengeposten tettare på oss i kvardagen. Det gir betre høve til å samarbeide, dele kunnskap og bli kjende på tvers, både fagleg og sosialt. Vi er ei avdeling i vekst, og du får høve til å bidra med idear og erfaringar når vi utviklar måten vi jobbar på.
Du arbeider hovudsakleg på kreftpoliklinikken, med arbeid på sengepost kvar fjerde helg.
Høyrest dette ut som ein jobb for deg? Då håpar vi du søker!
Vikariatet varer etter planen til midten av desember 2027, og det kan bli aktuelt med forlenging. Vi kan òg vurdere lågare stillingsprosent, ned til 70 %.
Kva går jobben ut på?
- Gi sjukepleie og oppfølging til pasientar som får kreftbehandling, mellom anna cellegift og immunterapi.
- Utføre sjukepleieprosedyrar, handtere legemiddel og sikre god kvalitet i behandlinga.
- Gi informasjon, undervisning og rettleiing til pasientar, pårørande og kollegaer.
- Arbeide på sengepost kvar fjerde helg og få erfaring frå fleire delar av pasientforløpet.
- Vere kontaktsjukepleiar for studentar i vidareutdanning når det er aktuelt.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha:
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Det er ein fordel om du har:
- Vidareutdanning i kreftsjukepleie eller klinisk erfaring med kreftpasientar.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- Møter pasientar og pårørande med omsorg og respekt og er god til å lytte.
- Har god oversikt og bevarer roa når arbeidsdagen blir travel.
- Tek ansvar for eigne oppgåver og samarbeider godt med kollegaene.
- Er fagleg nysgjerrig, deler kunnskap og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Vi legg vekt på personlege eigenskapar.
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- Eit fagmiljø innan kreftomsorg der du får lære og utvikle deg.
- Mentorordning og eige nytilsettprogram som gir deg ein god start hos oss.
- Jamleg undervisning, fagleg påfyll og høve til å ta på deg nye utfordringar etter kvart.
- Eit arbeidsmiljø der vi kjenner kvarandre, deler kunnskap og hjelper kvarandre.
- Ein variert arbeidskvardag med både poliklinisk behandling og arbeid på sengepost.
- Høve til å bidra i utviklinga av samarbeidet og arbeidsmåtane i den nye kreftavdelinga.
- Moglegheit til å delta i forskingsprosjekt og utviklingsarbeid innan kreftomsorg.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Elisabeth Hystad, Konstituert funksjonsleiar, 41870956, elisabeth.hystad@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5216491101
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 04.01.2027