Assistent - gastroenterologisk poliklinikk
Likar du praktiske oppgåver, har sans for orden og trivst med å ha oversikt?
Ved gastroenterologisk poliklinikk utgreier og behandlar vi pasientar med sjukdommar i fordøyingssystemet gjennom endoskopiske undersøkingar og poliklinisk oppfølging.
Som assistent hos oss får du ei viktig rolle i den daglege drifta. Du sørgjer for at undersøkingsrom og utstyr er klare til bruk, og bidreg til god arbeidsflyt gjennom dagen. Her blir du ein del av eit triveleg fagmiljø der vi legg vekt på kvalitet i arbeidet og gode opplevingar for både pasientar og medarbeidarar.
Vi ser etter deg som tek initiativ, likar å ha orden rundt deg og samarbeider godt med andre.
👉 Høyrest dette ut som noko for deg? Då vil vi gjerne høyre frå deg.
Kva går jobben ut på?
- Klargjere undersøkingsrom og nødvendig utstyr
- Reingjere skop og anna utstyr
- Handtere skopvaskemaskin og instrumentvaskemaskin (du får opplæring)
- Fylle på utstyr og sørgje for at det er tilgjengeleg
- Halde orden på lager og i arbeidsområda
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha:
- Utdanning som er relevant for teknikaroppgåver.
- Utdanning eller kurs innan reinhald og/eller hygiene.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- samarbeider godt med kollegaer
- tek initiativ og ser kva som må gjerast
- arbeider strukturert og held orden
- tilpassar deg nye oppgåver og arbeidsmåtar
- held roa og klarer å prioritere når det er travelt
- er nysgjerrig og interessert i å lære
Personlege eigenskapar blir vektlagde.
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- Ein praktisk arbeidskvardag med ulike oppgåve.
- Eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø.
- Opplæring i bruk av skopvaskemaskin og instrumentvaskemaskin.
Kontaktinformasjon
Ida Dankel Seim, Funksjonsleiar, 955554638Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5210618316
Stillingsprosent: 60%
Fast
Startdato: 01.01.2027
Søknadsfrist: 30.11.2026