Vil du ha ei stilling med eit breitt spekter av juridiske oppgåver i ei viktig samfunnsrolle?
Her vil du raskt få oppgåver innan heile breidda av det juridiske fagfeltet. Nokre dagar behandlar du straffesaker med meddommarar eller tek stilling til spørsmålet om varetektsfengsling. Andre dager brukar du til å førebu og avgjere tvistesaker.
Du får ta i bruk verktøya og metodane du lærte under jusstudiet, og utviklar deg kontinuerlig både som menneske og jurist. Som dommarfullmektig arbeider du sjølvstendig gjennom heile prosessen: frå å førebu sakene til å leie rettsmøta og skrive avgjerdene. Du blir del av eit fellesskap med flinke og hyggelege kollegaer som samarbeidar, støttar og deler kompetanse med kvarandre. I tillegg får du ein fadder som følgjer deg opp fagleg og sosialt.
Arbeidskvardagen er både hektisk og utfordrande. For å trivast i jobben som dommarfullmektig må du kunne setje deg raskt inn i ulike problemstillinger, ta kloke avgjerder og halde tidsrammene. Stillinga som dommarfullmektig er tidsavgrensa til to år, med høve for forlenging i eitt år, jf. domstollova § 55 g.
På www.domstol.no kan du sjå korleis nokre dommarfullmektigar presenterer jobben sin. (legg til lenkje: https://www.domstol.no/no/ledige-stillinger/bli-dommerfullmektig/)
Haugaland og Sunnhordland tingrett rett er lokalisert i Haugesund med rettsstader i Haugesund og på Stord, Domstolen er leidd av ein domstolleiar og har i tillegg ein nestleiar, ein administrasjonssjef, 9 dommarar, 2 dommarfullmektigar, og 16 saksbehandlarar. Du vil med andre ord få eit tverrfagleg arbeidsmiljø med svært kompetente kollegaer som alle deler eit engasjement for samfunnsoppdraget vårt. Domstolen omfattar kommunane Bokn, Etne, Haugesund, Karmøy, Sauda, Suldal, Tysvær, Utsira, Vindafjord, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes.
Arbeidsoppgaver
Dei viktigaste arbeidsoppgåvene dine er å:
- planleggje og gjennomføre sakene på ein effektiv måte
- leie rettsmøte
- sikre at avgjerdene får god kvalitet
- bidra til gode fagmiljø gjennom deling av kunnskap og erfaringar
Kvalifikasjoner
For å bli dommarfullmektig må du ha følgjande kompetanse:
- juridisk embetseksamen/mastergrad i rettsvitenskap med gode resultat
- relevant erfaring gjerne frå domstol, politiet, advokatbransjen eller offentlig virksomhet
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- gode digitale ferdighetar
Du må vere norsk statsborger. Uttømmande politiattest vil bli innhenta.
Personlige egenskaper
- Du har høg etisk standard og integritet.
- Du er fagleg dyktig, set deg raskt inn i komplekse problemstillingar og har god vurderingsevne.
- Du arbeider sjølvstendig og er i stand til å ta vanskelege avgjerder.
- Du leverer kvalitet, er effektiv og bidreg til god framdrift i sakene.
- Du kommuniserer godt med partar og aktørar.
- Du samarbeidar godt med andre og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
I tillegg til ein jobb som er viktig for både enkeltpersonar og samfunnet får du:
- molegheita til å utvikle både domstolane og deg sjølv
- eit godt tverrfaglig miljø
- varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- ein eigen mentor i domstolen
- introduksjonsprogram og deltaking på relevante kompetansetiltak
- molegheit for goed referansar for vidare karriere
- fleksibel arbeidskvardag med fleksitid, molegheit for heimekontor og trening i arbeidstida
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
Tilsetjingsvilkår etter hovudtariffavtalen i staten, med startlønn frå om lag kr 590.000,- per år. Lønsutvikling etter tenestetid og avtaleverk.
Kontaktinformasjon
Frank Schmidt, Domstolleder, 52701400, frank.schmidt@domstol.noNøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Haugaland og Sunnhordland tingrettReferansenr.: 5215639461
Stillingsprosent: 100%
Annet
Søknadsfrist: 17.12.2026