Rektor musikk- og kulturskule

Stilling
Rektor musikk- og kulturskule
Lokasjon
Hareid
Antall posisjoner
1
Sektor
Ikke oppgitt
Type ansettelse
Deltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
01. des.
Få påminnelse
15 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Hareid kommune har ledig ei fast stilling i 40 % som rektor ved Hareid musikk- og kulturskule frå 01.01.2027. Vi søkjer ein rektor som ser verdien av både god økonomistyring, personalhandtering og eit mangfaldig musikk- og kulturskuletilbod. Du er også utøvande i minst ei uttrykksform innan kunst- og kulturområdet.

Hareid musikk- og kulturskule held til i lokale ved ungdomsskulen i kommunen og har i dag 3,6 årsverk, fordelt på 10 tilsette og rundt 230 elevar.


Arbeidsoppgåver

  • dagleg leiing av musikk- og kulturskulen
  • einingsleiing, med fullt økonomi- og personalansvar
  • sikre og vidareutvikle kommunen sitt tilbod i musikk- og kulturskulen
  • sikre og vidareutvikle samarbeidet med andre delar av kommunen si verksemd, frivillige organisasjonar, kulturaktørar og næringsliv
  • representere kulturskulen i ulike lokale og regionale samarbeid og nettverk

Kvalifikasjonar

Som søkjar til stilllinga som rektor ved musikk- og kulturskulen, ønskjer vi oss deg som har:

  • kunst- og kulturfagleg utdanning, med minimum bacherlorgrad
  • formell, pedagogisk kompetanse (ppu, eller tilsvarande)
  • leiarutdanning og/eller -erfaring
  • erfaring frå arbeid i kulturskule, eller anna musikk-, kunst eller kulturverksemd
  • gode kunnskapar om og forståing av digitale arbeidsverktøy 

Etter opplæringslova § 17-11 er det krav om politiattest til stillinga. 

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som er:

  • trygg og inkluderande
  • god relasjonelt og glad i å samarbeide
  • god til å motivere og utvikle både deg sjølv og dei du skal leie
  • strukturert og tek ansvar

Vi tilbyr

  • utfordrande og varierte arbeidsoppgåver ved ein skule i utvikling
  • ein god arbeidsfelleskap med engasjerte kollegaer
  • løn etter avtale
  • god forsikrings- og pensjonsordning

Du må søkje digitalt, og laste opp relevante vitnemål og attestar til søknaden din. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga.

Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår. Faste stillingar har seks månaders prøvetid.

 

Hareid kommune praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Jf.  Offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Om du ønskjer å reservere deg, må du opplyse om dette og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet ditt skal offentleggjerast. Du blir kontakta i forkant. 

Kontaktinformasjon

Helge Hamre, Kommunalsjef, +47 95069388

Arbeidsstad

Rådhusplassen 5
6060 Hareid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sektor for læring og kultur

Referansenr.: 5209609083
Stillingsprosent: 40%
Fast
Søknadsfrist: 01.12.2026

Kontaktpersoner
Helge Hamre
Kommunalsjef
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter