Lærar i grunnskulen
Hareid kommune har ledig ei fast lærarstilling ved Hareid skule frå 20. oktober. I tillegg vil det bli behov for vikarar i lengre vikariat i løpet av året.
Er du ein engasjert lærar og omgjengeleg kollega, som meistrar og har sansen for dei varierte forventningane som er knytt til det å vere tilsett i skulen i dag? Då ønskjer vi i sektor for læring og kultur på Hareid å høyre frå deg!
Vi ønskjer at du har god, fagleg breidd og eitt eller helst to basisfag. Elles er det særleg innan IKT, spesialpedagogikk, kunst og handverk, kroppsøving, mat og helse og naturfag vi har bruk for fleire lærarar.
Som søkjar bør du rekne med og kanskje jamvel ønskje deg å vere kontaktlærar.
I Hareid-skulen har vi eit breitt syn på kva eit godt læringsmiljø skal innehalde. Vi tenkjer langsiktig på satsingane vi no er inne i kring språk og lesing, inkluderande barnehage og skulemiljø og ein meir praktisk skule.
Arbeidsoppgåver
- samhandle og lære i lag med kollegaer, støttetenester og føresette
- arbeide i tråd med ny opplæringslov, lk20, lokale og nasjonale forskrifter og kommunale satsingar
- legge til rette for læring, trivsel og meistring i eit trygt læringsmiljø
- dokumentere arbeidet i kommunen sitt fagadministrative system
- planlegge og leie arbeidet med elevane si læring i klasserommet og alternative opplæringsarenaer
- delta aktivt i skulane og kommunen sitt utviklingsarbeid
Du må rekne med å kunne ta på deg rolla som kontaktlærar.
Kvalifikasjonar
Lærarar som vert tilsette i skulen må oppfylle kompetansekrav for tilsetting, jamfør forskrift til opplæringslova §17-3 og opplæringsforskrifta §12.
Vi ser særleg etter deg som har god kompetanse og/eller erfaring frå barnesteget, god fagleg breidd er fagleg sterk, men har også gode ferdigheiter i klasseromsleiing og tilpassing og tilrettelegging av undervisninga.
Personlege eigenskapar
Ved tilsetting vil Hareid kommune også sjå etter lærarar som:
- finn glede i å gjere undervisninga og faget praksisnært, relevant og skaper engasjement både blant elevar og kollegaer
- er gode på relasjonar og får føresette, elevar og kollegar til å trivast i sitt selskap
- er engasjerte og kan begeistre fleire enn seg sjølv i fagleg samarbeid og i skulane og kommunen sitt utviklingsarbeid
Vi tilbyr
- kjekke kollegaer, som er opptekne av at du skal trivast som nytilsett i Hareid-skulen
- høve til god fagleg utvikling i eit sterkt og kollektivt tenkjande profesjonsfellesskap
- varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- gjennom kommunal satsing på praktisk opplæring vil vi gi gode vilkår også for deg som har eit slikt fokus på undervisninga di
- god oppfølging av nye tilsette gjennom mentorordning
- god pensjonsordning i SPK
- løn etter gjeldande tariffavtale
Hareid kommune praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Jf. Offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Om du ønskjer å reservere deg, må du opplyse om dette og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet ditt skal offentleggjerast. Du blir kontakta i forkant.
Kontaktinformasjon
Hege Tretnes, Rektor, 971 13 912, hege.tretnes@hareid.kommune.noHelge Hamre, Kommunalsjef, +47 95069388
Arbeidsstad
Rådhusplassen 56060 Hareid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sektor for læring og kulturReferansenr.: 5184447251
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.10.2026