Reiselivsmedarbeidar -- sal, administrasjon og opplevingar
Vil du vera med på å selja, planleggja og gjennomføra guida opplevingar i Hardanger? Hos oss får du ein variert heilårsjobb med kundekontakt, administrasjon og aktivitetar ute. Stillinga er ny, og du får høve til å forma rolla og utvikla deg saman med selskapet.
Dette tilbyr me
-
fast 100 % stilling, med høve til redusert stilling ned til 80 % etter avtale
-
løn etter avtale, basert på kompetanse og erfaring
-
nødvendig opplæring, kurs og sertifisering dekt av selskapet
-
arbeidsstad i Norheimsund, med høve til heimekontor og fleksibel arbeidstid når oppgåvene og sesongen tillèt det
Jobben gjennom året
Frå mai til september arbeider du mest med gjester og guida aktivitetar, kundekontakt og administrasjon, og mindre med sal. Resten av året ligg hovudvekta på sal og administrasjon, kombinert med kundekontakt og eit lågare aktivitetsnivå ute.
Du handterer førespurnader, tilbod, bestillingar og koordinering, og arbeider aktivt med sal, særleg mot lokale hotell og agentar. Har du relevant salserfaring, tek du raskt sjølvstendig salsansvar. Elles får du opplæring og oppfølging fram mot det same ansvaret.
Etter opplæring skal du kunna føra RIB og guida gjester på RIB-turar, Fjord Floating, fotturar og trugeturar. Alle kundeaktivitetane er guida, og guiding og formidling er ein viktig del av arbeidet. Klargjering av utstyr og praktiske driftsoppgåver høyrer med.
Du arbeider tett med dagleg leiar og får bidra til å utvikla partnarsamarbeid, arbeidsrutinar og nye opplevingar. Stillinga inneber arbeid 1--2 helger i månaden og kveldsarbeid ved særskilde oppdrag.
Kven er du?
Du likar menneske, er motivert for sal og trivst med både kontorarbeid og aktivitetar ute gjennom året. Du tek initiativ, held oversikta og følgjer opp avtalar.
Me ønskjer at du har fagbrev, fagskule- eller høgskuleutdanning innan reiseliv og/eller erfaring frå bransjen. Både nyutdanna og erfarne er velkomne til å søkja.
Erfaring frå sal, kundeservice, administrasjon, koordinering eller guiding kan vega opp for manglande reiselivsbakgrunn.
Du må meistra norsk og engelsk godt, munnleg og skriftleg, ha førarkort klasse B og vera komfortabel med digitale arbeidsverktøy.
Lokal tilknyting og bustad langs Hardangerfjorden er ein fordel. Me ønskjer òg søkjarar som vil flytta til området. Fleire språk tel positivt.
Oppstart og opplæring
Oppstart vert avtalt i første kvartal 2027 ut frå når du er tilgjengeleg. Manglar du kvalifikasjonar for å føra båt med inntil 12 passasjerar i næring, planlegg me nødvendige kurs og opplæring etter jobbstart, slik at du kan bidra som RIB-førar frå mai 2027. Sertifikat, kurs og gyldig helseattest frå før er ein fordel, men ikkje eit krav for å søkja.
Søk innan 25. oktober 2026: Enten via FINN "Enkel søknad" eller send CV og ein kort søknad til thor-arvid@hardangerfjord-adventure.no.
Har du spørsmål? Kontakt dagleg leiar Thor-Arvid H. Pedersen på telefon 932 04 417.