Fysioterapeut 100% fast stilling
Hardangerbadet søkjer ein framoverlent og engasjert fysioterapeut i 100 % fast stilling.
Hos oss får du ein variert arbeidskvardag der du kan kombinere individuell behandling med trening og aktivitet – både i basseng, treningssal og treningsrom.
Hva vi ser etter
Vi ønskjer oss ein fysioterapeut som:
-
Er autorisert fysioterapeut
-
Er framoverlent, initiativrik og løysingsorientert
-
Tek ansvar og arbeider sjølvstendig
-
Er trygg i møte med ulike menneske og aldersgrupper
-
Likar å vere aktiv og bidra i eit miljø med mykje aktivitet
-
Har interesse for trening, førebygging og rehabilitering
-
Ser moglegheiter og ønskjer å utvikle nye tilbod
-
Er fleksibel og trivst med ein variert arbeidskvardag
-
Har gode samarbeidsevner og bidreg positivt til arbeidsmiljøet
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, engasjement og vilje til å utvikle seg.
Ein arbeidsplass med mange moglegheiter
Hardangerbadet er meir enn eit tradisjonelt fysioterapimiljø. Her får du tilgang til eit allsidig anlegg med mellom anna basseng, treningsfasilitetar og ulike aktivitetstilbod.
Dette gir gode moglegheiter for å kombinere fysioterapi med trening, rehabilitering og førebyggjande arbeid -- og til å utvikle tilbod som møter behova til både barn, ungdom, vaksne og eldre.
Vi ønskjer ikkje berre ein fysioterapeut som kjem inn i ei ferdig stilling. Vi ønskjer ein person som har lyst til å vere med og forme stillinga og utvikle fysioterapitilbodet ved Hardangerbadet vidare.
Har du ein idé til eit nytt treningstilbod? Ser du eit behov hos brukarane våre? Då ønskjer vi at du tek initiativ og er med på å gjere ideane til verkelegheit.
Arbeidsoppgaver
Som fysioterapeut ved Hardangerbadet vil du mellom anna arbeide med:
-
Treningsgrupper i basseng
-
Babysymjing og symjeopplæring for born
-
Treningsgrupper i treningssal
-
Rettleiing og oppfølging i treningsrom
-
Individuell fysioterapibehandling
-
Kartlegging, rettleiing og oppfølging av brukarar
-
Bidra til å utvikle nye og eksisterande tilbod
Det er svært positivt om du har interesse for, eller ønskjer å arbeide med, symjeopplæring for born.
Hardangerbadet har gode moglegheiter for dette, og vi tilbyr nødvendig opplæring og kurs innan babysymjing og symjeopplæring for born.
Vi tilbyr
Vi tilbyr
-
100 % fast stilling
-
Ein variert og aktiv arbeidskvardag
-
Moglegheit til å påverke og vidareutvikle fysioterapitilbodet
-
Moglegheit for å arbeide med både individuell behandling og gruppeaktivitetar
-
Opplæring og kurs innan babysymjing og symjeopplæring for born
-
Eit godt arbeidsmiljø
-
Arbeid i eit moderne og allsidig helse- og aktivitetstilbod
-
Moglegheit til å utvikle eigne faglege interesseområde