Bli med og skap gode opplevingar på Voss

Stilling
Bli med og skap gode opplevingar på Voss
Lokasjon
Voss
Antall posisjoner
1
Sektor
Privat
Type ansettelse
Deltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
30. nov.
Få påminnelse
17 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Bussen til Gudvangen går frå plattform B.

Det kjem du til å seia omtrent 15 gonger mellom klokka ni og ti. Du kjem òg til å forklara at Voss Water ikkje er frå Voss, og trøysta folk som har reist over halve jorda for å sjå utsikta og møter ein vegg av tåke over Vangsvatnet. Me kan diverre ikkje styra vêret.

Og likevel: Dette er ein av dei kjekkaste jobbane i bygda, meiner me.

Kva du faktisk gjer
Du svarar på alt som kjem inn døra i løpet av ein dag, på fleire språk. Du hjelper reisande frå heile verda med å planleggja opphaldet, sel aktivitetane til dei lokale tilbydarane, og sel litt suvenirar og varer. Me brukar ulike bookingsystem som du ikkje treng å kunna frå før, berre vera villig til å læra.

Det beste med jobben
  • Du får sjølv oppleva alt Voss har å by på av aktivitetar, kultur og overnatting. Du må jo vita kva du sel.

  • Du møter folk du ikkje gløymer. Ein turist budde i telt ved Vangsvatnet ein heil månad midt på vinteren og var innom kvar einaste dag for å prata med oss.

  • I juni hoppa alle me tilsette i fallskjerm saman. Ingen lova at det blir slik kvart år, men det seier litt om miljøet.

  • Du får vera med på arrangement i regi av Hardanger og Voss Næringshage.

  • Og så er det dei små tinga: fredagskaffi med noko godt kvar fredag, lønningspils, Rosa sløyfe-løpet og ein dartrunde eller to i arbeidskvardagen.

Det ærlege
På grunn av plasseringa vår, får me spørsmål om absolutt alt. Toget som er forsinka, buss for tog, skikortet som ikkje verkar, prisane i Voss Resort og mobilen som vart gløymd att på bussen frå Odda. Lite av det er vårt ansvar, men det er du som står i skranken når spørsmålet kjem.

Som ringevikar jobbar du typisk i helgar, feriar og når nokon er sjuke. Alle ledige vakter blir lyste ut, men dei faste tilsette har førsterett. Det betyr at du ikkje får eit fast tal timar, og at telefonen kan ringja på kort varsel. Sommaren er framleis den travlaste tida, så du kan venta litt fleire timar då og litt færre om vinteren. Passar det livet ditt, er dette ein fin måte å bli kjend med reiselivet på Voss, ein av dei viktigaste næringane i heradet.

Vaktene
  • Sommar: 08.30--15.00 eller 11.30--18.00

  • Vinter: 09.00--16.00, og 09.30--15.00 i helgane

Me trur du passar om du
  • er nysgjerrig på andre kulturar

  • kan stilla på kort varsel

  • snakkar språk: godt norsk og engelsk er eit krav, og fleire språk er eit stort pluss

  • kjenner godt til Voss, eller har lyst til å bli kjend

  • likar folk, til og med når dei spør om det same for fjortande gong

  • likar å utfordra deg sjølv

Praktisk
  • Oppstart: så snart som mogleg

  • Timeløn etter riksavtalen

  • Søknadsfrist: 30. november, men me vurderer søknader fortløpande, så ikkje vent

Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter