Tilkallingsvikarar

Stilling
Tilkallingsvikar
Lokasjon
Vatne
Antall posisjoner
2
Sektor
Ikke oppgitt
Type ansettelse
Deltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
01. nov.
Få påminnelse
34 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Tennfjord barnehage ligg i naturskjønne omgjevnader med kort veg til skog, fjell og fjøre – som blir aktivt brukt gjennom heile året. Barnehagen har 97 barn og 33 tilsette fordelt på fem basar. Vi har eit godt fagmiljø der tilsette har lang erfaring og stort engasjement. Visjonen vår er: "Vi gjer kvarandre gode". Per idag er vi lokalisert på gamle Vatne barneskule, i påvente av utbygging i Tennfjord.

Vi treng no fleire tilkallingsvikarar som kan trå til på kort varsel ved sjukdom, ferie og liknande. Dette kan vere for korte eller lengre periodar. Vi søker etter dyktige vikarar som er aktive, leikne, omsorgsfulle og trygge vaksne.

Haram kommune er ein ambisiøs kommune som har fokus på gode, heilskaplege tenester. Vi jobbar fleksibelt og på tvers for å skape kvalitet for innbyggarane våre – og vi spelar kvarandre gode.


Arbeidsoppgåver

Arbeid med barn i alderen 0-6 år i tråd med barnehagelov og rammeplan for barnehagar, samt kommunen sine retningslinjer.

  • Bidra til at det enkelte barnet får medverke, oppleve positiv grensesetting, både enkeltvis og i gruppe
  • Gi omsorg, støtte og vere lyttande i møte med kvart enkelt barn
  • Medansvar for utvikling av det sosiale miljøet, og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa
  • Bidra i gjennomføring av det pedagogiske arbeidet på avdelinga/basen, innanfor dei rammene ein har blitt einige om
  • Følge opp den rettleiinga ein får
  • Ansvar for å sette seg inn i og følge barnehagen sine HMS-prosedyrar 

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsett vil måtte legge fram tilfredstillande politi– og tuberkulinattest.

  • Ha gode norskkunnskapar. Personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk, må fylle språkkrav jamfør Barnehagelova §27.
  • Relevant utdanning og/eller erfaring er ønskeleg, men ikkje eit krav
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som:

  • Har eit ønske om å arbeide med barn
  • Har god omsorgsevne og evne til å sjå og lytte til barna sine behov
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Trivast i ein aktiv kvardag
  • Er glad i å vere ute
  • Er positiv, fleksibel og løysingsorientert

Vi tilbyr

  • Givande arbeid i gode fag- og arbeidsmiljø
  • Moglegheit til å bestemme sjølv kor mykje du vil arbeide og når
  • Tilgang til kurs og kompetansehevande tiltak
  • Løn etter tariff
  • Moglegheit til å prøve å jobbe i ulike barnehagar

Kontaktinformasjon

Gro Olsen Jenssen, Styrar, 95199275, gro.olsen.jenssen@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Gjerdebakken 55
6265 Vatne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 5183396589
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Startdato: 12.10.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 01.11.2026

Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter