Sjukepleiar/vernepleiar- Nattstilling

Stilling
Sjukepleiar/vernepleiar
Lokasjon
Vatne
Antall posisjoner
1
Sektor
Ikke oppgitt
Type ansettelse
Deltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
07. okt.
Få påminnelse
9 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Butenesta i Haram har for tida ledig 56,28% stilling på natt som sjukepleiar/vernepleiar i barnebustad og avlastning. Stillinga er ledig frå 1. november 2026, eller etter avtale. 
Barnebustad og avlasting held til i lokale ved Solbakken bukollektiv på Vatne.

Turnus for stillinga er for tida natt, med arbeid kvar 3. helg. 

Butenesta skal i ein 4-årsperiode framover ha fokus på å jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til rettleiaren "Gode helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming". Som miljøterapeut får du vere ein del av dette arbeidet. I 2025 har avdelinga vore med i prosjektet TØRN, og dette skal no implementerast ut i dei andre avdelingane i Butenesta.

Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode. Kommunalområde Helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel og utvikling og  meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.


Arbeidsoppgåver

  • Målretta miljøarbeid. 
  • Vere nytenkande og kreativ for å imøtekome deltakarane sine behov og ønskje.
  • Bruk av hjelpemiddel dersom deltakarane har behov for dette.
  • Deltaking/samhandling med pårørande/verge og andre samarbeidspartnarar.
  • Dokumentering etter gjeldande prosedyrer og lovverk.
  • Fagutvikling, sjukepleiar/vernepleiar vil ha fagansvar og koordineringsansvar i avdelinga. 
  • Utarbeide, oppdatere og følgje opp tiltak og planar etter vedtak og behov.
  • Rettleiingsansvar, både i gruppe og på individnivå.
  • Innleige ved sjukdom, i turnussystemet GAT.
  • Delta på personalmøte og andre relevante møte.
  • Legemiddelhandtering.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleier.
  • Erfaring med å jobbe tverrfagleg og i team.
  • Erfaring i helse og omsorgstenestelova kapittel 9.
  • Meistre godt norsk både skriftleg og munnleg.
  • Førarkort kl. B.
  • Erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming.
  • Politiattest er eit krav.

Personlege eigenskapar

  • Du viser initiativ og er kreativ. 
  • Du er kunnskapsrik og fagleg oppdatert.
  • Du er pliktoppfyllande og sjølvgåande.
  • Du har stor arbeidskapasitet og er ein utprega omsorgsperson.
  • Du har evne til å bygge relasjonar med deltakarar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
  • Du har evne til å skape engasjement og har gode haldningar og moral.
  • Du er ein lagspelar som bidreg til at felles mål blir nådd.
  • Du er lojal og stabil.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Ein kjekk arbeidsplass med høve til personleg og fagleg utvikling.
  • Rom for å vere kreativ.
  • Løn etter gjeldande tariffavtale.

Kontaktinformasjon

Janne Madelen Bergene, 91161215, Janne.Madelen.Bergene@haram.kommune.no
Linn Borgund, Tenesteleiar, 97595965, linn.borgund@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Ulvestadvegen 6
6265 Vatne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 5183047483
Stillingsprosent: 56,28%
Fast
Søknadsfrist: 07.10.2026

Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter