Sjukepleiar/vernepleiar
Butenesta i Haram har ledig 56,28 % stilling som sjukepleiar/vernepleiar i barnebustad og avlastning, stillinga er for tida på natt. Stillinga er ledig frå 1. januar 2027, eller etter avtale.
Barnebustad og avlasting held til i lokale ved Solbakken bukollektiv på Vatne.
Turnus for stillinga er for tida natt, med arbeid kvar 3. helg.
Butenesta skal i ein 4-årsperiode framover ha fokus på å jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til rettleiaren "Gode helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming". Som miljøterapeut får du vere ein del av dette arbeidet. I 2025 har avdelinga vore med i prosjektet TØRN, og dette skal no implementerast ut i dei andre avdelingane i Butenesta.
Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode. Kommunalområde Helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel og utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
Arbeidsoppgåver
- Målretta miljøarbeid.
- Vere nytenkande og kreativ for å imøtekome deltakarane sine behov og ønskje.
- Bruk av hjelpemiddel dersom deltakarane har behov for dette.
- Deltaking/samhandling med pårørande/verge og andre samarbeidspartnarar.
- Dokumentering etter gjeldande prosedyrer og lovverk.
- Fagutvikling, sjukepleiar/vernepleiar vil ha fagansvar og koordineringsansvar i avdelinga.
- Utarbeide, oppdatere og følgje opp tiltak og planar etter vedtak og behov.
- Rettleiingsansvar, både i gruppe og på individnivå.
- Innleige ved sjukdom, i turnussystemet GAT.
- Delta på personalmøte og andre relevante møte.
- Legemiddelhandtering.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som vernepleiar, sjukepleiar eller anna treårig høgskuleutdanning innan helse og sosialfag.
- Erfaring frå arbeid med barn og unge med samansette hjelpebehov er ønskjeleg.
- Erfaring med åtferdsutfordringar, autismespekterforstyrringar og psykisk utviklingshemming.
- Kompetanse innan målretta miljøarbeid og miljøterapeutisk oppfølging.
- Kunnskap om lovverk knytt til helse- og omsorgstenester, herunder helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 er ønskjeleg.
- Erfaring med tverrfagleg samarbeid, og samarbeid med pårørande.
- Meistre godt norsk både skriftleg og munnleg.
- Erfaring med utarbeiding og oppfølging av tiltak, målplanar og vedtak er ønskjeleg.
- Førarkort kl. B.
- Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar.
- Det kreves også at personleg BankID eller ID-porten kan benyttast som alternativ innlogging mot ulike digitale løysingar ved behov (Helseplattformen, mm)
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som er:
- Trygg, omsorgsfull og relasjonssterk i møte med barn og unge.
- Du er kunnskapsrik og fagleg oppdatert.
- Evne til å arbeide sjølvstendig og ta faglege avgjerder.
- Strukturert og ansvarsbevisst.
- Fleksibel og løysingsorientert.
- Gode samarbeidsevner og evne til å bidra positivt i arbeidsmiljøet.
- Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Ein kjekk arbeidsplass med høve til personleg og fagleg utvikling.
- Rom for å vere kreativ.
- Løn etter gjeldande tariffavtale.
Kontaktinformasjon
Janne Madelen Bergene, avdelingsleiar, 91161215, Janne.Madelen.Bergene@haram.kommune.noLinn Borgund, Tenesteleiar, 97595965, linn.borgund@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Ulvestadvegen 66265 Vatne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 5202455160
Stillingsprosent: 56,28%
Fast
Søknadsfrist: 25.11.2026