Sjukepleiar, vikariat

Stilling
Sjukepleiar
Lokasjon
Tennfjord
Antall posisjoner
1
Sektor
Ikke oppgitt
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
15. nov.
Få påminnelse
20 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vil du vere med og utvikle omsorgstenestene for framtida? Ønskjer du ein arbeidsplass der samarbeid, fagleg deling og det å løfte kvarandre står sterkt – og der tryggleik, verdigheit og livskvalitet for pasientane alltid kjem først? Då kan Eidet omsorgssenter vere rett stad for deg.

Eidet omsorgssenter ligg om lag 20 minutt frå Spjelkavik/Moa-området, og er eit moderne omsorgssenter som stod ferdig i 2017. Senteret består av to avdelingar med totalt 37 plassar, og gir heildøgns omsorg til personar som har behov for avlasting, eller som har demens eller somatisk sjukdom.

Vi har felles leiing med heimetenesta i Haram indre, og arbeider målretta saman for å sikre stabil drift, høg fagkompetanse og tenester av best mogleg kvalitet. Eidet omsorgssenter har eige kjøkken og vaktmeister, noko som gir god støtte i det daglege arbeidet. I tillegg har vi kafé/kantine i vekedagane.
Turnusordningane våre omfattar dag- og kveldsvakter med arbeid kvar tredje helg, eller langvakter på helg med arbeid kvar fjerde helg. Sjukepleiarane hos oss har faste stabsvakter, med vakter fordelt i avdeling.

No søkjer vi ein engasjert og fagleg trygg sjukepleiar til avdeling 1, som har 15 pasientar. Hos oss blir du ein viktig del av eit arbeidsmiljø som byggjer lag – kvar einaste dag – og der sjukepleiarkompetansen blir verdsett og brukt aktivt i pasientarbeidet.
Søkjarar som er i ferd med å fullføre sjukepleiarutdanninga si, er også velkomne til å søkje.

I Haram kommune er vi opptekne av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.


Arbeidsoppgåver

  • Sikre at pasientar får helsehjelp og tenester av høg kvalitet i tråd med gjeldande lover og retningsliner
  • Observasjon, kartlegging, tiltak og dokumentasjon i Helseplattformen
  • Legemiddelhandtering
  • Laboratoriearbeid
  • Rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og studentar
  • Bidra til meistring, tryggleik og auka livskvalitet i kvardagen
  • Samarbeid med pårørande og interne/eksterne samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Relevant erfaring er ein fordel, men vi ønskjer også nyutdanna sjukepleiarar velkomne som søkjarar
  • God munnleg og skriftleg norsk (minimum B2)
  • Grunnleggjande IKT-kompetanse

Politattest, MRSA- og TBC‑eigenerklæring vert krevd ved tilsetjing, i tillegg treng du gyldig norsk personnummer/D-nummer.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som er:

  • Trygg, tydeleg og engasjert – med pasienten i fokus
  • Løysingsorientert, fleksibel og positiv til nye utfordringar
  • Sjølvstendig, men også ein god lagspelar
  • Ein som bidreg til fellesskap, stabilitet og eit godt arbeidsmiljø
  • Nytenkjande og endringsvillig
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagd

Vi tilbyr

  • Eit fagleg sterkt, trygt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Moglegheit til å påverke utviklinga av tenesta og eigen arbeidskvardag
  • Gode rutinar, tett samarbeid og kollegaer som gjer kvarandre gode
  • Møtetid i turnus, med internundervisning etter plan
  • Sjukepleiar i stab
  • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • Løn, pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande tariff
  • Bedriftshelseteneste
  • Gratis parkering og gode kollektivforbindelsar

Kontaktinformasjon

Maria Elizabeth Marthinussen, Tenesteleiar, 94051001, maria.elizabeth.marthinussen@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Trolldalssletta 12
6264 Tennfjord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 5196355813
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 16.11.2026
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 15.11.2026

Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter