Rådgjevar informasjonssikkerheit
Vi søkjer ein dyktig og engasjert medarbeidar til ei spennande stilling i hjartet av digitaliseringsarbeidet i kommunen, som rådgjevar i informasjonssikkerheit i fast 60% stilling. Stillinga er organisert under kommunedirektøren sin stab i fagområdet organisasjonsutvikling og digitalisering. Fagområdet er leia av fagleiar.
Samfunnet og kommunen si rolle er i stadig utvikling, der vi i framtida mellom anna må nytte kunstig intelligens (KI) innan stadig nye fagområde. Som utviklar og forvaltar av store verdiar, må informasjonssikkerheit og personvern vere i fokus. I stillinga vil ein mellom anna ha eit særleg ansvar for oppgåver og system relatert til dette, samt opplæring av tilsette og leiarar i system og lovverk.
Ein har eit nært samarbeid med e-kommune Sunnmøre som driftar kommunen sine IT-system. Ein må også bidra aktivt inn i utviklingsprosjekt der fagtenestene i kommunen tek i bruk eller endrar sine digitale system, samt tilretteleggje og gje faglege råd i avgjerdsprosessar. Digitalisering og utviklingsarbeid skal i Haram kommune skape meirverdi og gje gevinst.
Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
Arbeid relatert til IT-sikkerheit og personvern, til dømes:
- Prosedyrar og rutinar for informasjonssikkerheit og personvern.
- ROS, DPIA (Data Protection Impact Assessment) og FRIA (Fundamental Rights Impact Assessment)
- Beredskap informasjonssikkerheit og personvern.
- Gjennomgang av nye databehandlaravtalar og oppfølging og kontroll av eksisterande avtalar.
- Behandlingsprotokollar i forhold til GDPR artikkel 6.
- Oppfølging av informasjonssikkerheitskampanjar og andre bevisstgjerings- og opplæringstiltak.
Andre oppgåver innan kommunedirektøren sin stab kan kome til.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning innan informasjons- og datateknologi (IT), på masternivå. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
Erfaring med eitt eller fleire av desse temaa er ein fordel:
- Kunstig intelligens (KI).
- Informasjonssikkerheit og personvern.
- Digitale innovasjonsprosessar og systemarbeid.
Personlege eigenskapar
- Du er modig, grundig og har evne til å meistre høgt arbeidspress og komplekse arbeidsoppgåver.
- Du har god system- og rolleforståing, og har gode problemløysarevne.
- Du er god til å planleggje og er resultatorientert.
- Du har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skape tillit.
Vi tilbyr
- Utfordrande oppgåver i ein organisasjon i utvikling, med stort potensial og kompetente kollegaer.
- Godt arbeidsmiljø i nye og moderne fasilitetar på tenestehuset i Brattvåg.
- Løn etter avtale. Pensjonsordning gjennom KLP og gode forsikringsordningar.
- IA- bedrift og fleksibel arbeidstidsordning.
Kontaktinformasjon
Petter Sortevik, Stabssjef, 95479474, petter.sortevik@haram.kommune.noArbeidsstad
Standgata 406270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 5197486656
Stillingsprosent: 60%
Fast
Startdato: 01.01.2027
Søknadsfrist: 01.11.2026