Rådgjevar
Vil du jobbe tett på leiinga og bidra til å utvikle tenestene i Haram kommune? Vi søkjer ein rådgjevar til fagstaben for Livsløp i eit vikariat medan ein av medarbeidarane våre er i foreldrepermisjon.
Kommunalområdet Livsløp omfattar helsetenester, pedagogisk fagsenter og vaksenopplæring, helsestasjon og ressursbase, barnevern, Nav. Vi er opptekne av å spele kvarandre gode og samarbeide på tvers, slik at innbyggjarane får samanhengande oppfølging når dei treng hjelp frå fleire tenester.
Som rådgjevar i fagstaben støttar du kommunalsjefen og tenesteleiarane i planarbeid, sakshandsaming og tenesteutvikling. Du følgjer opp tenesteområda, utarbeider saksframlegg og avgjerdsgrunnlag og koordinerer utviklingsarbeid som involverer fleire tenester.
Ei av oppgåvene dine er å leie og koordinere innføringa av betre tverrfagleg innsats (BTI) i Haram kommune. Du samarbeider med leiarar og ressurspersonar om opplæring og følgjer opp at tenestene tek modellen i bruk i det daglege arbeidet.
Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
- Leie og koordinere BTI-arbeidet i Haram kommune og følgje opp innføringa av BTI-modellen i tenestene. Dette inneber å samarbeide med leiarar og ressurspersonar om opplæring og om å ta modellen i bruk i det daglege arbeidet.
- Følgje opp tenesteområda i Livsløp, handsame saker og utføre forvaltningsoppgåver.
- Utarbeide saksframlegg og andre avgjerdsgrunnlag og bidra til planarbeid, rapportering og oppfølging av vedtak.
- Leggje til rette for samhandling og samskaping i og på tvers av kommunalområda.
- Følgje opp SLT-arbeidet med samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak.
- Andre oppgåver kan bli lagde til stillinga.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning, minimum bachelorgrad, til dømes innan helse- og sosialfag, pedagogikk, samfunnsfag eller offentleg administrasjon.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og evne til å skrive klart og presist på nynorsk.
- God digital kompetanse og evne til å setje deg inn i nye system og arbeidsverktøy.
Det er ein fordel med erfaring frå offentleg forvaltning, sakshandsaming eller utviklingsarbeid på tvers av tenester. Kjennskap til BTI eller erfaring med å innføre nye arbeidsmåtar i ei verksemd er òg ein fordel.
Personlege eigenskapar
- Du tek initiativ, arbeider sjølvstendig og følgjer opp oppgåver til dei er ferdige.
- Du får med deg leiarar og medarbeidarar når nye arbeidsmåtar skal takast i bruk.
- Du samarbeider godt med ulike fagmiljø og får fram perspektiva deira.
- Du set deg raskt inn i nye problemstillingar og formidlar komplekse saker på ein forståeleg måte.
Vi legg vekt på at du er personleg eigna for stillinga.
Vi tilbyr
- Varierte oppgåver innan forvaltning, samhandling og tenesteutvikling.
- Tett samarbeid med kommunalsjef, tenesteleiarar og fagmiljø i Livsløp og resten av kommunen.
- Høve til å påverke korleis tenestene samarbeider om tidleg innsats for barn, unge og familiar.
- Løn etter gjeldande avtaleverk.
Kontaktinformasjon
Frode Bøe Hatlelid, Kommunalsjef, 92243788, frode.boe.hatlelid@haram.kommune.noArbeidssted
Strandgata 406270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Haram kommuneReferansenr.: 5208367593
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 29.11.2026