Helsefagarbeidar 

Stilling
Helsefagarbeidar, 100% stilling
Lokasjon
Tennfjord
Antall posisjoner
1
Sektor
Ikke oppgitt
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
01. nov.
Få påminnelse
20 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Haram kommune søkjer etter helsefagarbeidar i inntil 100% fast stilling, for tida ved indre Haram Heimeteneste, i Tennfjord. Stillinga har for tida arbeid i turnus, med arbeid kvar 3. helg. Indre Haram heimeteneste har samarbeid med Eidet Omsorgssenter og dei to avdelingane der. Heimetenesta har base på Eidet omsorgssenter, som ligg sentralt til, ca 20 min med bil frå Moa.  

Vi er open for nye arbeidsmetodar og turnusløysingar som gagnar både tenestemottakarane og dei tilsette. Vi ønskjer å oppretthalde gode arbeidsmiljø, og skape ein god heim for bebuarane våre. Heimetenesta Indre Haram er organisert under Haram omsorgstenester, som består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre.

Kommunalområde Helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ønskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og  meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.

I Haram kommune er vi opptekne av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.


Arbeidsoppgåver

  • Helsefaglege oppgåver.
  • Omsorg og oppfølging av sjukeheimspasientane.
  • Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper.
  • Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.
  • Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar.
  • Bidra til godt samarbeid mellom brukarar og pårørande.

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som helsefagarbeidar.
  • Høg fagleg interesse og interesse for fagutvikling.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
  • Gode norskferdigheiter munnleg og skriftleg.
  • Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.

Personlege eigenskapar

  • I Haram kommune ønskjer vi tilsette som er samfunnsengasjerte og innovative, og som bidreg til eit
    godt arbeidsmiljø både fagleg og kollegialt.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Godt humør og positiv framtoning.
  • Lojalitet mot arbeidsplass og kollegaer.
  • Eigenskapar til å bidra til eit godt omdømme.

Vi tilbyr

  • Tverrfagleg samarbeid.
  • Spanande fagmiljø med mange varierte arbeidsoppgåver.
  • Fokus på velferdsteknologi og alternative måtar å jobbe på.
  • Gode turnustekniske løysingar.
  • Løn etter tariff.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Kontaktinformasjon

Camilla Walderhaug Lundberg, Konstituert avdelingsleiar, 47516769, camilla.walderhaug.lundberg@haram.kommune.no
Maria Elizabeth Marthinussen, Tenesteleiar, 94051001, maria.elizabeth.marthinussen@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Trolldalssletta
6264 Tennfjord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 5182515275
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.11.2026

Kontaktpersoner
Camilla Walderhaug Lundberg
Konstituert avdelingsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter