Barnehagelærar

Stilling
Barnehagelærar
Lokasjon
Longva
Antall posisjoner
1
Sektor
Ikke oppgitt
Type ansettelse
Deltid, Fast
Publisert
17. aug.
Søknadsfrist
I dag
Få påminnelse
i dag
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Longva barnehage ligg flott til midt på øya på Flemsøy/Skuløy. Barnehagen har naturen tett på, med gode høve til turar i skog, fjell og fjøre, som ein nyttar heile året til utforsking, leik og læring.
Longva barnehage vart ny kommunal barnehage i Haram 1. august 2025, og har i dag 21 barn frå 1-5 år, og ei personalgruppe med god fagleg kompetanse.

Frå 12. oktober 2026 har Longva barnehage behov for barnehagelærar i fast 60 % stilling. Vi søker deg som er trygg og engasjert, og som set barnet sitt beste i sentrum og bidreg til fellesskap, trivsel og kvalitet i barnehagen.

Haram kommune er ein ambisiøs kommune som har fokus på gode, heilskaplege tenester. Vi jobbar fleksibelt og på tvers for å skape kvalitet for innbyggarane våre – og vi spelar kvarandre gode.


Arbeidsoppgåver

  • Medansvar for å iverksette og leie det pedagogiske arbeidet, i tråd med ramme - og lovverk (jf. Barnehageloven og Rammeplan for barnehage)
  • Rettleie og sørge for at barnehagelova og rammeplanen vert oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet
  • Planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av arbeidet i barnegruppa eller innanfor dei områda han/ho er sett til

Kvalifikasjonar

For stilling som barnehagelærar er det krav om utdanning som barnehagelærar/førskulelærar eller anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning med vidareutdanning i barnehagepedagogikk. Personer under  barnehagelærar/annan 3-årig høgskule utdanning kan også søke, under forutsetning av at pågåande utdanning blir bestått.

Søkar må vidare:

  • Levere oppdatert politiattest
  • Jobbe i tråd med barnehagelova
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. For å bli fast eller mellombels tilsett som barnehagelærar, må personar med utanlandske yrkeskvalifikasjonar kunne dokumentere sine norskferdigheiter (jf. barnehageloven § 28). Søkjar skal legge resultat av språktest saman med søknad og CV.
  • Jobbe i tråd med Haram kommune sine retningslinjer

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som har evne til å:

  • Vere løysingsorientert, fleksibel og open for endring
  • Jobbe sjølvstendig og vere synleg i gruppa
  • Motivere og vere ein pådrivar i både det praktiske og faglege arbeidet
  • Bruke kompetansen du har, samt halde deg oppdatert både fagleg og det som elles skjer på eigen arbeidsplass
  • Vere kreativ, jakte på nye idear og vise vilje til nyskaping
  • Vere bidragsytar i ein levande og lærande organisasjon, både i kvardagen og på personalmøte, planleggingsdagar og i oppfølging av kurs
  • Reflektere over eige arbeid og søke rettleiing ved behov
  • Jobbe målretta, syne handlekraft, organisere og ta avgjerder med barna sitt beste i fokus 
  • Samarbeide med styrar, pedagogisk leiar, andre tilsette, føresette og eksterne samarbeidspartnarar som til dømes skule, PPT, barnevern og helsestasjon
  • Vere ein god rollemodell
  • Vere inkluderande og bidra til eit godt arbeidsmiljø/ psykososialt miljø for både barn og vaksne, her under utøve nulltoleranse for mobbing og andre krenkingar jf barnehagelova
  • Sikre barna sin rett til medverknad og involvering

Personlege eigenskapar og gode referansar vil bli vektlagt.

Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

Vi tilbyr

  • Eit utviklingsorientert fagleg miljø og stimulerande omgjevnader
  • Løn etter gjeldande tariff
  • God pensjonsordning

Kontaktinformasjon

Reidunn Rogne Flem, Barnehagestyrar, 99526013, reidunn.rogne.flem@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Øvstevegen 212
6293 Longva

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 5162512060
Stillingsprosent: 60%
Fast
Startdato: 12.10.2026
Søknadsfrist: 01.10.2026

Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter