Me treng fleire dyktige ringevikarar til barnehagane på Varhaug

Stilling
Ringevikar
Lokasjon
Varhaug
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid
Publisert
I dag
Søknadsfrist
30. nov.
Få påminnelse
32 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Er du ein som brenn for barn, og som ønskjer å vera med på å skapa gode dagar i barnehagen?
Varhaug Idrettsbarnehage, Lensmannsgarden barnehage og Trekløveren barnehage har behov for engasjerte og trygge ringevikarar som kan stilla opp ved behov.

Arbeidsoppgåver
Som vikar i barnehage vil du:
• vera med på å skapa ein trygg, god og inkluderande kvardag for barna
• delta aktivt i leik, aktivitetar og læringssituasjonar ute og inne
• bidra i planlegging og gjennomføring av pedagogiske aktivitetar
• vera ein viktig medspelar i dei daglege gjeremåla i barnehagen
• samarbeida godt med barn, føresette og tilsette

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
Me ser etter deg som held hovudet kaldt og hjarta varmt, og som er god på:
• relasjonar
• samarbeid
• inkludering

I tillegg ønskjer me at du:
• har godt humør og eit positivt engasjement
• ser og tek vare på kvart enkelt barn
• er varm, sensitiv og omsorgsfull
• er fleksibel og kan stilla opp på kort varsel
• likar å leika og vera aktiv saman med barna
• kommuniserer godt på norsk

Relevant erfaring frå arbeid med barn er ein fordel, men ikkje eit krav. Personlege eigenskapar blir vektlagde høgt.

Krav til stillinga
• Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding, jf. barnehagelova § 30.
• Du må ha gode norskkunnskapar i tråd med krav i barnehagelova.

Me tilbyr
• ein variert og meiningsfull arbeidskvardag
• eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
• rettleiing og støtte ved behov
• verdifull erfaring frå arbeid i barnehage

Tilsetjing
Intervju og tilsetjing skjer fortløpande. Me oppmodar derfor interesserte søkjarar til å senda inn søknad så snart som mogleg.

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, gif, jpeg, jpg eller png, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.


Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter