Vi søkjer sjukepleiar
Stilling
Sjukepleiar
Lokasjon
Haugesund
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post
💜 Vil du bli ein del av vårt gode fagmiljø?
Hos oss jobbar det allereie mange dyktige, rause og engasjerte kollegaer, og no ønskjer vi deg med på laget!
Pasientgruppa vår omfattar kvinner i alle aldrar. På sengeposten gir vi pre- og postoperativ behandling i samband med gynekologiske operasjonar, pleie og behandling til pasientar med gynekologisk kreft, behandling av alvorleg svangerskapskvalme og abortbehandling – for å nemne noko. På poliklinikken følgjer vi opp gravide gjennom svangerskapet, behandlar kvinner med ulike gynekologiske problemstillingar og utfører mindre gynekologiske inngrep i lokalbedøving.
Stillinga inneber hovudsakleg tredelt turnus på sengeposten, med høve til å arbeida dagvakter på poliklinikken.
Gynekologisk eining samarbeider tett med kirurgisk avdeling. Sengeposten er open frå måndag til fredag, og i helgene blir dei gynekologiske pasientane ivaretekne på kirurgisk avdeling. Som sjukepleiar hos oss vil du derfor også få verdifull erfaring frå arbeid på kirurgisk avdeling.
✨ Høyrest dette ut som noko for deg? Då vil vi gjerne høyra frå deg! Oppstart etter avtale.
Kva går jobben ut på?
- Ta imot, observera og følgja opp pasientar gjennom behandlingsforløpet.
- Utføra heilskapleg og fagleg trygg sjukepleie til kvinner i ulike livsfasar.
- Gi pre- og postoperativ sjukepleie og oppfølging til pasientar gjennom behandlingsforløpet.
- Delta i tverrfagleg samarbeid for å sikra best mogleg behandling og oppfølging av pasientane.
- Samarbeida tett med kollegaer ved gynekologisk eining og kirurgisk avdeling.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Relevant erfaring frå sjukehus er ønskjeleg.
- Erfaring med gynekologiske pasientar er ein fordel, men ikkje eit krav.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- møter kvar pasient med respekt, omsorg og forståing
- er sjølvstendig og open for endring
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- trivst i ein variert og til tider travel arbeidskvardag
🤝 Vi legg stor vekt på tverrfagleg samarbeid og eit godt arbeidsmiljø. Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Kvifor skal du velje oss?
- Triveleg og inkluderande arbeidsmiljø 🤝
- Høgt fagleg nivå og spennande arbeidsoppgåver 📚
- Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling 🌱
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-bedrift) 💜
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Thora-Marit Stokka Karlsen, Funksjonsleiar, +47 41863939Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5204779426
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.11.2026
Kontaktpersoner
Thora-Marit Stokka Karlsen
Funksjonsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.