LIS 2/3 i fødselshjelp og kvinnesjukdommar

Stilling
LIS 2/3 fødselshjelp og kvinnesjukdommar
Lokasjon
Haugesund
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
11. des.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Søkjer du etter ei spennande utfordring innan fødselshjelp og kvinnesjukdommar?

Kirurgisk klinikk har ledig eitt vikariat som lege i spesialisering (LIS 2/3) innan fødselshjelp og kvinnesjukdommar. Vikariatet har oppstart i februar/mars 2027 og varer til 31. august 2027, med moglegheit for forlenging. Stillinga inngår i ei 8-delt tilstadevaktordning.

Avdeling for leger gynekologi har 12 overlegestillingar og 8 LIS-stillingar. Årleg tek vi imot om lag 1 300 fødslar frå Haugalandet, i tillegg til risikofødslar frå Stord og Odda. Avdelinga har høg fagleg kvalitet innan både gynekologi og fødselshjelp, og Fertilitetsavdelinga i Helse Fonna er mellom dei fremste i landet.
Hos oss blir du ein del av eit sterkt og inkluderande fagmiljø med brei klinisk erfaring, tett rettleiing og gode moglegheiter for fagleg utvikling. Vi arbeider kvar dag for å gi kvinner og familiar eit trygt og godt behandlingstilbod.

Høyrest dette ut som noko for deg? Då ønskjer vi å høyre frå deg. Søk no og bli ein del av vårt dyktige fagmiljø! 🩺

Kva går jobben ut på?

Klinisk arbeid poliklinikken til avdelinga, sengepost og operasjonsstove:

  • Gynekologisk avdeling
  • Føde/barsel avdeling
  • Poliklinikk
  • Mottak for augeblikkeleg hjelp
  • Elektiv og akutt kirurgi
  • Deltaking i undervisninga i avdelinga
  • Rapportere og dokumentere i i samsvar med gjeldande lover og prosedyrar

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Gjennomført LIS 1
  • Gyldig norsk autorisasjon som lege
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • møter pasientar og pårørande med respekt og tryggleik
  • er sjølvstendig og nøyaktig
  • bidreg positivt til arbeidsmiljøet
  • trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team

Vi legg vekt på personlege eigenskapar.

Kvifor skal du velje oss?

  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring

Kontaktinformasjon

Ingvild Svåsand, Funksjonsleiar - legar, +47 47758854

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5215479570
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.03.2027
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 11.12.2026

Kontaktpersoner
Ingvild Svåsand
Funksjonsleiar - legar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter