Helsefagarbeidar

Stilling
Sone BBD. Tilsetjing helsefagarbeidar, vikariat/fast frå etter avtale
Lokasjon
Dalsøyra
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
25. okt.
Få påminnelse
19 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Om stillingane 

Gulen kommune, for tida ved sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD) har ledig: 

  • I inntil 50% vikariat som helsefagarbeidar ved sone BBD frå etter avtale til 31.01.2027. Denne stillinga er for tida knytt til turnus på Dalsøyra, med ordinære vakter i vekedagane. I utgangspunktet er det ikkje helg knytt til dette vikariatet. 

     

  • I inntil 33% fast stilling som helsefagarbeidar ved sone BBD frå etter avtale. Denne stillinga er for tida knytt til turnus på Dalsøyra. Ordinære vakter. 

Dersom ein ynskjer kan desse stillingane/delar av stillingane kombinerast med kvarandre. 

Sone BBD har ansvar for heimetenestene i områda Brekke, Byrknes og Dalsøyra. 

Me tilbyr

  • Ekstra helgekompensasjon for gjennomført vakt 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Godt arbeidsmiljø og ei spanande teneste i utvikling 

Arbeidsoppgåver 

  • Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
  • Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
  • Andre oppgåver som måtte kome til

I sone BBD arbeider det både nyutdanna og tilsette med lang erfaring. Det er eit tett og godt samarbeid mellom assistentar, fagarbeidarar og sjukepleiarar/vernepleiarar kvar dag. Samarbeidet er viktig for at tenestene våre skal verte best mogleg for innbyggjarane i Gulen kommune, og noko me har fokus på kontinuerleg


Kvalifikasjonskrav 

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar. Søkjarar utan fagbrev kan verte vurdert for mellombels stilling
  • Førarkort klasse B
  • Gyldig politiattest ved tilsetjing
  • God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)

Personlege eigenskapar 

  • Kommuniserer godt på norsk, og har erfaring frå og god kjennskap til norsk helsevesen
  • Samhandlar godt med brukarar og andre samarbeidspartnarar
  • Jobbar sjølvstendig, tar initiativ, er fleksibel og løysingsorientert
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna 

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar 
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

Kontaktpersoner
Aina Furebotn
Einingsleiar sone BBD
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter