Sjukepleiar, 2 x i inntil 100% fast - bonus og løn over tariff

Stilling
Sone BBD. Tilsetjing 2x i inntil 100% fast sjukepleiar frå snarast/etter avtale
Lokasjon
Brekke
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
06. okt.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Om stillinga 

Gulen kommune har ledig to i inntil 100% faste stillingar som sjukepleiar ved Sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD) frå snarast/etter avtale. Desse stillingane er for tida knytt til rullerande todelt turnus på 12 veker i Brekke. Den eine faste stillinga har arbeid med langvakter 4. kvar helg og ordinære vakter i vekedagane. Den andre faste stillinga har langvakter kvar 4. helg og kombinasjon av langvakter og ordinære vakter i vekedagane. 

Ta kontakt med kontaktperson i annonsen dersom du har spørsmål til stillingane/turnus. 

Sone BBD har ansvar for heimetenestene i områda Brekke, Byrknes og Dalsøyra. 

Me tilbyr

  • Spanande stillingar i ei teneste i utvikling. Rom for å kunne bidra aktivt i utviklingsarbeidet  
  • Bonusordning på 100 000kr (i 100% stilling) ved binding i 2 år i desse stillingane. Bonus vert som hovudregel betalt ut på slutten av bindingstida, om ikkje anna vert avtalt
  • Løn over tariff for sjukepleiarar i turnus
  • Ekstra helgekompensasjon ved gått vakt 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Arbeidsoppgåver 

  • Sjukepleiefagleg ansvar og oppgåver
  • Pasientretta oppgåver, som til dømes pleie og oppfølging av brukarane
  • Samarbeid med andre faggrupper, 2. linjeteneste m.fl.
  • Andre oppgåver som måtte kome til

I sone BBD arbeider det både nyutdanna og tilsette med lang erfaring. Det er eit tett og godt samarbeid mellom assistentar, fagarbeidarar og sjukepleiarar/vernepleiarar kvar dag. Samarbeidet er viktig for at tenestene våre skal verte best mogleg for innbyggjarane i Gulen kommune, og noko me har fokus på kontinuerleg


Kvalifikasjonskrav 

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
  • Gyldig politiattest 
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar 

  • Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar/pårørande og kollegaer
  • Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
  • Kan bidra til eit godt arbeidsmiljø og har fokus på kvalitet og faglig utvikling
  • Tar initiativ, er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna 

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar 
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

Kontaktpersoner
Aina Furebotn
Einingsleiar sone BBD
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter