Søkjer ringevikarar til Dalsøyra barnehage

Stilling
Dalsøyra barnehage og skule. Tilsetjing ringevikar ved Dalsøyra barnehage
Lokasjon
Dalsøyra
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
-
Få påminnelse
-
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Ynskjer du å vere ringevikar ved Dalsøyra barnehage?

Dalsøyra barnehage og skule, avdeling Dalsøyra barnehage har behov for å kome i kontakt med personar som ynskjer å vere ringevikar. Dersom du ynskjer å vere disponibel som ringevikar, er du ikkje forplikta til å seie ja til oppdraga du vert tilbudd, men du vil stå på ei liste, slik at du kan verte kontakta ved behov. Du takkar altså ja eller nei til konkrete vakter. Du vil få opplæring og oppfølging etter behov. Alle som arbeider ved eininga må levere tilfredsstillande politiattest før oppstart. Dersom du tenkjer dette verkar interessant kan du anten sende inn ein søknad ved å gå inn på på "søk her", eller ta kontakt direkte med kontaktpersonane i annonsen.


Arbeidsoppgåver

  • Praktisk og pedagogisk arbeid med born, individuelt og i grupper
  • Vise omsorg for kvart enkelt born
  • Ta initiativ til og delta aktivt i borna sine aktivitetar og leik
  • Bidra til eit godt samarbeid på avdelinga

Kvalifikasjonar 

  • Du har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Du har interesse for å arbeide med barn
  • Du er ein tydeleg vaksen og tek initiativ til å byggje gode relasjonar
  • Du kan gjennomføre og følgje opp aktivitetar med barn, både inne og ute
  • Du samarbeider godt med andre og kan arbeide både sjølvstendig og i team
  • Vi kan leggje vekt på kor godt du er personleg eigna for stillinga

Du må leggje fram gyldig politiattest før du tek til i stillinga


Personlege eigenskapar 

  • Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med barn, foreldre og kollegaer
  • Ansvarsbevisst
  • Vert motovert av å vere med å gje barn ein stabil og god kvardag i barnehagen
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Anna 

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
  • Løn etter tariff

Kontaktpersoner
Solveig Kristine Haveland
Einingsleiar Dalsøyra barnehage og skule
Anne Marit Brekken Oppedal
Avdelingsleiar Dalsøyra barnehage ved eining Dalsøyra barnehage og skule
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter