Pedagogisk personell til barnehage, i inntil 100% vikariat
Om stillinga
Gulen kommune har ledig eit vikariat i inntil 100% stilling frå snarast mogleg til midten av august 2027. Stillinga er for tida knytt til avdeling Dalsøyra barnehage i eininga Dalsøyra barnehage og skule.
Me søkjer ein barnehagelærar eller ein barne- og ungdomsarbeidar, eventuelt ein søkjar med tilsvarande relevant utdanning. Søkjarar utan relevant utdanning er òg velkomne til å søkje og kan bli vurderte dersom me ikkje får kvalifiserte søkjarar.
Dalsøyra barnehage og skule består av 1-10- skule og barnehageavdelingar på Dalsøyra og i Hovden. Sjå her for meir informasjon om Dalsøyra barnehage.
Ta kontakt med kontaktpersonen i annonsen om du har spørsmål til stillinga!
Barnehagane i Gulen har:
- Fokus på fagleg utvikling i barnehagane, der idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert sett på som viktige ressursar
- Relativt små barnehagar - ein ideell arbeidsstad for nyutdanna pedagogar
- Godt arbeidsmiljø
- Tilbod om rettleiing
- Godt nettverksamarbeid mellom pedagogane i dei ulike barnehagane i kommunen
Arbeidsoppgåver
Barnehagelærar
- Planlegge, setje i verk, dokumentere og evaluere det pedagogiske arbeidet i tråd med rammeplanar, lovverk og kommunen sine strategiplanar og fokusområde
- Leie, planlegge og involvere resten av personalet i den daglege drfita av avdelinga, i tillegg til samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar
- Bidra til rettleiing og opplæring på avdelinga
- Delta i den daglege drifta
- Andre oppgåver som måtte kome til
Barne- og ungdomsarbeidar
- Medverke til at einiga er ei god pedagogisk verksemd
- Medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid med barna
- Delta i planlegging, rettleiing, gjennomføring, evaluering og vurdering i verksemda
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonar
Barnehagelærar
- Utdanning som barnehagelærar. Likeverdig med barnehagelærerutdanning er anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med videreutdanning i barnehagepedagogikk.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Barne- og ungdomsarbeidar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande relevant kompetanse. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, kan vi vurdere søkjarar utan godkjend utdanning
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- Har evne til å sjå kvart enkelt barn, og skape gode og trygge relasjonar med borna
- Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
- Er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest av den som får tilbod om stillinga
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering