Engasjement som fritidskontakt/støttekontakt ved Miljøterapitenesta 2026

Stilling
Engasjement som fritidskontakt/støttekontakt ved Miljøterapitenesta 2026
Lokasjon
Gol
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid
Publisert
02. feb.
Søknadsfrist
30. des.
Få påminnelse
85 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Gol Kommune treng fleire fritidskontaktar til å arbeide med barn, ungdom og vaksne med forskjellige bistandsbehov.

Arbeidet vil først og fremst gå føre seg på ettermiddag/kveld eller i helger. Timetalet kan variere frå cirka 2 timar i veka og oppover. Du får eit sjølvstendig oppdrag der du, og den du gir bistand til, kan avtale tid og stad for aktivitetar.

Kvalifikasjonar:
• Det er eit krav at du skal vere over 16 år og villig til å forplikte deg over tid
• Gode norskkunnskapar
• Det er ein fordel om du har sertifikat, men ikkje eit krav

Personlege eigenskapar:
• Du ønsker å vere med på å gjere ein forskjell i andre sitt liv
• Du er nøyaktig og pliktoppfyllande
• Du er ansvarsfull og sjølvstendig

Det vert vektlagt at du er personleg skikka til å vera støttekontakt.

Tildeling av oppdrag skjer fortløpande etter kvart som vi får søknadar frå aktuelle støttekontaktar som kan passe til dei som treng bistand.

For oppdraget gjeld:
• Godjøring etter gjeldande satsar for støttekontakter
• Køyregodtgjering
• Utgiftsdekking

Anna:
• Gyldig politiattest må leggjast fram
• I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort. dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjør oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.


Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter