100 % fast stilling som sjukepleiar i nattenesta
Har du lyst til å arbeide i eit fagleg sterkt og inkluderande miljø der du får bruke kompetansen din på tvers av fleire tenesteområde? Vi har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar i nattenesta.
Institusjon og heimeteneste har ei felles natteneste som er organisert under Gol Helsetun. Som sjukepleiar i nattenesta får du eit spennande og variert ansvarsområde som omfattar omsorgsbustader, heimebuande brukarar, psykisk helse og Gol Helsetun med korttids- og langtidsavdeling, samt skjerma avdeling for personar med demens.
Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø som er oppteke av kvalitet, samarbeid og gode tenester til innbyggjarane.
Arbeidsoppgåver
• ha ansvar for sjukepleiefaglege observasjonar, vurderingar, tiltak og oppfølging av pasientar
• bidra til å sikre forsvarlege helse- og omsorgstenester i tråd med gjeldande lovverk, kvalitetskrav og retningslinjer
• samarbeide godt med pasientar, pårørande og kollegaer
• vere ein aktiv bidragsytar til eit godt fagmiljø og godt samarbeid på tvers av faggrupper og tenester
• delta i opplæring, rettleiing og fagleg støtte til kollegaer
Kvalifikasjonar
• autorisasjon som sjukepleiar
• gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
• bestått norskprøve, minimum nivå B1
• god digital kompetanse (vi nyttar mellom anna Gerica og digitale kvalitetssystem)
Vi ser etter deg som
• har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
• er sjølvstendig, fleksibel, strukturert og ansvarsmedviten
• trivst i eit arbeidsmiljø i utvikling og handterer endringar på ein positiv måte
• har fagleg engasjement og likar nye utfordringar
• bidreg til godt arbeidsmiljø, nærvær og trivsel
• verdset fagleg og tverrfagleg samarbeid
Personleg eignaheit vil bli tillagd stor vekt
Vi tilbyr
• ein triveleg og inkluderande arbeidsplass med god opplæring, tett oppfølging og fagleg rettleiing
• varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver med moglegheit til å påverke og vidareutvikle tenestene våre
• kurs, kompetanseheving og relevant hospitering
• støtte til relevant vidare- og etterutdanning
• konkurransedyktige lønsvilkår, inkludert rekrutterings- og behaldetillegg på kr 30 000 per år ved 100 % stilling
• eit breitt spekter av faglege utfordringar med pasientar i ulike aldrar og med ulike hjelpebehov
• turnus med arbeid kvar tredje helg
• ein arbeidsplass som satsar på personsentrert omsorg, fagutvikling og velferdsteknologi
• eit godt fagmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
• flotte naturopplevingar og gode moglegheiter for friluftsliv året rundt
• gratis trening på treningssenter
• pensjonsordning i KLP
• løn og tilsetjing etter gjeldande lov- og avtaleverk
Anna informasjon
• den som blir tilsett må leggje fram gyldig politiattest som ikkje er eldre enn tre månader
• intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden
• kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
• vitnemål og attestar skal leggjast ved søknaden
• vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta
• alle søkjarar får kvittering på at søknaden er motteken dersom korrekt e-postadresse er registrert i søknaden
Send søknad
Benytt elektronisk søknadsskjema.
Alle søkarar får kvittering på at søknaden er motteken, når det er fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Søknadsfrist: 30.11.2026
Har du spørsmål?
Ta gjerne kontakt med oss for ein uforpliktande prat. Vi fortel gjerne meir om stillinga og arbeidskvardagen hos oss.
Aktuelle kandidatar blir vurderte og kalla inn til intervju fortløpande.
Velkomen som søkjar!
Link til søknadsskjema: Søk her