Vernepleiar
Vil du vere med på laget i ei framtidsretta teneste?
Vi har ei spennande stilling ledig som vernepleiar. Stillinga er fast i tenesta, og knytt til Utsikten ved oppstart 01.01.27.
Utsikten er ei ny avdeling for vaksne/eldre med utviklingshemming. Avdelinga er lokalisert i 2. etg på Gloppen omsorgssenter. Det er ei målsetting å oppretthalde ein aktiv kvardag for brukarane. Avdelinga tilbyr dagtilbod for målgruppa med ein sosial møteplass, aktiv omsorg og meiningfulle aktivitetar etter interesser og evner. Det er fire leiligheiter definert som omsorgsbustad med fast plass. Det er også felleslokaler med stove og kjøken. Der er eigen personaldel. Det er to personale på arbeid dag og kveld og samarbeid med andre avdelingar ved behov.
Arbeidsoppgåver
- kartlegging, planlegging og gjennomførig av miljøterapeutiske tiltak
- ansvar for legemiddelhandtering
- primærkontaktansvar
- sikre at gjeldande lovverk og vedtak blir følgde
- samarbeid med pårørande og tverrfaglege instansar
- journalføring
Kvalifikasjonar
- norsk autorisasjon som vernepleiar
- gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- førarkort er ein fordel
Personlege eigenskapar
- du har eit engasjement for brukargruppa
- du er ansvarsbevisst og kan ta sjølvstendige avgjerder
- du har pågangsmot og er fleksibel
- du er ein lagspelar og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- ein lærerik arbeidskvardag med tilbod om fagleg utvikling
- gode kollegaer
- tilsetting, løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, regelverk og tariffavtale.
- stilling organisert i årsturnus med langvakter og arbeid kvar fjerde helg
- rekrutteringstilleg på kr 20 000 ved nytilsetting
For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader.
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Kontaktinformasjon
Sandra Berge, Konst. avd.leiar Miljøarbeidertenesta, +47 96514406Eva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 48894818
Arbeidsstad
Grandavegen 96823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 5209907402
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2027
Søknadsfrist: 29.11.2026