Vernepleiar eller sjukepleiar i medleverturnus

Stilling
Vernepleiar eller sjukepleiar i medleverturnus
Lokasjon
Sandane
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
03. des.
Få påminnelse
15 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Ønskjer du ein jobb der du kan kombinere fagleg ansvar med lange friperiodar?

Vi har ledig eit års vikariat i 100 % stilling etter medleverprinsippet for vernepleiar eller sjukepleiar med erfaring frå miljøarbeid. Det vil vere moglegheit for forlenging i form av fast stilling i langvakter i tenesta. Tilredning 01.04.2027 eller tidlegare etter avtale. 

I Miljøarbeidartenesta avdeling 2, Myklebusttunet arbeider du tett på personar med utviklingshemming og samansette bistandsbehov. Du får ei sentral rolle i den daglege oppfølginga av brukarane, med ansvarsvakt, helsefaglege oppgåver og miljøarbeid. Stillinga følgjer medleverordninga (2-7-2-7-3-7), som gir ein fleksibel arbeidskvardag med gode moglegheiter for balanse mellom jobb og fritid. Vi treng deg som ser heile menneske, som har fokus på å skape gode og meiningsfulle kvardagar med fokus på løysingar og ikkje problem. 

Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål til stillinga. 


Hjå oss kan du få 

  • Ein turnus som er organisert etter medleverordning etter prinsippet 2 dagar jobb - 7 dagar fri (2-7-2-7-3-7) med kvilande natt. Arbeid kvar 4.helg. Du arbeider som oftast to døgn i vekedagane og tre døgn på helg, med påfølgande friperioder. I tillegg til døgnvakter har vi personalmøter, fagmøter etc som er lagt i turnus.
  •  Eit engasjerande og inkluderende fagmiljø. Arbeid med fag og fagutvikling, til dømes gjennom deltaking i fagnettverk og eigne fagmøter felles for Miljøarbeidartenesta.
  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

Arbeidsoppgåver

Oppgåvene er brukarretta og består mellom anna av: 

  • Gi individuelt tilpassa oppfølging og miljøterapeutisk arbeid til personar med utviklingshemming og samansette bistandsbehov.
  • Ivareta helsefagleg oppfølging, legemiddelhandtering, observasjon og dokumentasjon.
  • Ha ansvarsvakt og bidra til fagleg forsvarleg drift og kvalitet i tenestene.
  • Ha primærkontaktansvar og medverke til planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak.
  • Samarbeide tett med brukarar, pårørande, kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar.
  • Bidra til fagutvikling, rettleiing og kompetansedeling i tenesta.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som vernepleiar.
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar kan også vere aktuelt. For sjukepleiarar er det ønskjeleg med erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming og miljøterapeutisk arbeid.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • God digital kompetanse og erfaring med dokumentasjon i elektronisk pasientjournal.
  • Førarkort klasse B.

Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt. Vi oppmodar særleg menn til å søkje, då personalgruppa i dag har ei overvekt av kvinner.

Personlege eigenskapar

  • Du er trygg, tydeleg og ansvarsmedviten i møte med brukarar, pårørande og kollegaer.
  • Du har evne til å arbeide sjølvstendig, ta faglege avgjerder og samstundes vere ein god lagspelar.
  • Du er fleksibel, løysingsorientert og trivst i ein variert arbeidskvardag.
  • Du har interesse for fagutvikling, kvalitetsforbetring og utvikling av gode tenester.
  • Du bidreg aktivt til eit positivt, inkluderande og utviklande arbeidsmiljø.

For tilsetting gjeld ei gjensidig prøvetid på seks månadar. Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding. 

Kontaktinformasjon

Sandra Berge, Konst. avd.leiar Miljøarbeidertenesta, 96514406
Kristine Eide Ryssdal, Tenesteleiar miljøarbeidertenesta, +47 911 39 159

Arbeidsstad

Grandavegen 9
6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune

Referansenr.: 5193869849
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.04.2027
Sluttdato: 31.03.2028
Søknadsfrist: 03.12.2026

Kontaktpersoner
Kristine Eide Ryssdal
Tenesteleiar miljøarbeidertenesta
Sandra Berge
Konst. avd.leiar Miljøarbeidertenesta
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter