Vil du bli med oss ut i natta?
Er du sjukepleiar, verenpleiar eller helsefagarbeidar- og trivst best når andre har gått til ro?
Medan bygda søv, er vi på vegen. Vi køyrer gjennom mørke haustkveldar, vinterstormar og stille sommarnetter. Kanskje møter vi hjort i vegkanten, ein rev eller berre stjernehimmelen som selskap. Hjå oss får du litt av alt- og ingnen nattevakter er heilt like.
Vi søkjer deg som vil bli ein del av nattevaktslaget vårt i Gloppen heimeteneste.
Vi i heimetenesta har ledig 50 % fast stilling på natt, oppstart snarast.
Du blir ein del av eit nattevaktslag der de er to medarbeidaar på arbeid saman. De samarbeider, støttar kvarandre og sørgjer for at dei som treng hjelp i heimen sin, får trygge og gode tenester gjennom natta. Du må tivast med å ta ansvar, gjere faglege vurderingar og fine gode løysingar når situasjonar oppstår. Og, ja - du må vere komfortabel med å køyre bil i mørket, på smale vegar og i vestlandsver av alle slag.
Målet til heimesjukepleien er å bidra til at innbyggjarar i kommunen kan meistre livet sitt i heimen, og vi jobbar med fokus på kvardagsmeistring. Området strekk seg rundt Gloppefjorden; frå Hestenesøyra - Sandane - Anda, til Breim.
Arbeidsoppgåver
- Ivareta og gje omsorg og pleie til brukarar i
omsorgsbustadar og i heimane som personleg hygiene og ernæring. - Kveldsstell og morgonstell
- Administrering av medisin
- Betjene tryggleiksalarmar
- Terminalpleie
- Samarbeid med pasient og pårørande
- Samarbeid med lege/legevakt
Kvalifikasjonar
- Godkjent utdanning som sjukepleiar, evt vernepleiar/helsefagarbeidar/hjelpepleiar
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Førarkort for personbil
Personlege eigenskapar
- Har god fagleg forståing, er trygg i rolla som fagutdanna og kan jobbe sjølvstendig og ta ansvar.
- Du bidreg til eit godt samarbeidsklima, er fleksibel og løysingsorientert.
- Kan arbeide effektivt og samstundes levere god kvalitet på tenestene.
- Kjennskap til kvardagsmeistring som metode.
- Likar å køyre bil.
- Vi ønskjer ein person med godt humør som trivast med utfordringar og varierte arbeidsoppgåver på natt.
Vi tilbyr
- Lokalt tillegg på natt
- Ei 50 % stilling på natt
- Meir fleksibel kvardag med fleire fridagar (praktisk for dei som studerer eller ynskjer dag-/ettermiddagar til andre kjekke aktivitetar)
- Trivlege kollegaer på vakt, du er ikkje åleine
- En spennande og lærerik arbeidsplass
- Ei arbeidstid der du får oppleve bygda frå ei litt anna side enn dei fleste
- Meir ro og fokus til å utføre arbeidsoppgåvene utan mange avbrot frå telefonar og anna informasjonsformidling
- Fagutvikling gjennom e-kurs og liknande
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Kjenner du deg freista? Vi lovar ikkje nordlys kvar natt, og hjorten held ikkje alltid avtalen sin om å dukke opp. Men vi kan love deg jobb der du betyr mykje for andre, får ansvar og blir ein del av eit viktig lag.
For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader.
Det må leverast politiattest før tiltreding.
Kontaktinformasjon
Cecilie M. Helgheim, Tenesteleiar heimetenesta, +47 472 60 601Arbeidsstad
Grandavegen 96823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 5202629067
Stillingsprosent: 70%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2026