Sjukepleiar/vernepleiar skjerma avd.

Stilling
Sjukepleiar/Vernepleiar skjerma avd
Lokasjon
Sandane
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
08. nov.
Få påminnelse
17 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Hei, vil du vere med på laget i ei framtidsretta teneste? 😊
Vi søkjer etter ein engasjert og dyktig sjukepleiar/vernepleiar som ynskjer å vere ein del av ei teneste med visjonen «saman blir vi sterkare». Vi søkjer etter deg som har ynskje om å vere ein viktig verdiberar knytt til kunnskap, omsorg, mot og tillit.

Vi har ledig eit års vikariat for sjukepleiar eller vernepleiar ved skjerma avdeling, moglegheit for forlenging.

Skjerma eining er ei avdeling som er spesielt tilrettelagt for personar med moderat til alvorleg grad av demens. Det blir arbeidd med personsentrert omsorg og VIPS-modellen som verktøy. Avdelinga er i nytt bygg og har ti einerom. Avdelinga består også av to stover og fleire sitjegrupper i korridorar og vandregang. Vi har sansehage og overbygd stor veranda.


Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåva er å saman arbeide for at bebuarane får gode dagar. I kvardagen har vi fokus på miljøarbeid og aktivitetar tilpassa den enkelte, i tett samarbeid med pårørande. Ein har ansvar for at bebuarane får nødvendig medisinsk behandling, etter gjeldande retningslinjer og prosedyre. På skjerma avdeling blir det arbeidd målretta med personsentrert omsorg der den enkelte pasient sine behov, ressursar og livshistorie står sentralt. VIPS-modellen blir nytta som verktøy for systematisk fagleg refleksjon og for å sikre personsentrert praksis.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer etter deg som held deg fagleg oppdatert, og har ei interesse for eldreomsorg og alderspyskiatri
  • Evne til å tenke heilheitleg, har fokus på løysingar, er fleksibel og strukturert.
  • Evne til å dele og formidle kunnskap på ein god og trygg måte
  •  

Vi tilbyr

  • Varierte og lærerike arbeidskvardagar
  • Gode kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
  • Fagleg personleg utvikling med tilbod om aktuell vidareutdanning.
  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
  • Stillingane er organisert i årsturnus

For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

Kontaktinformasjon

Wenche Pedersen Thomas, Avd.leiar skjerma avdeling, 948 92 130
Eva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 48894818

Arbeidsstad

Grandavegen 9
6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune

Referansenr.: 5195196886
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.11.2026
Sluttdato: 31.10.2027
Søknadsfrist: 08.11.2026

Kontaktpersoner
Eva Skrivervik-Alme
Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta
Wenche Pedersen Thomas
Avd.leiar skjerma avdeling
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter