Open søknad - tilkallingsvikar i Miljøarbeidartenesta

Stilling
Open søknad - tilkallingsvikar i Miljøarbeidartenesta
Lokasjon
Sandane
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid
Stillingsannonsen er inaktiv.
Publisert
03. sep.
Søknadsfrist
15. okt.
Få påminnelse
21 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Likar du å arbeide med menneske, og har høve til å ta på deg arbeid av og til? Då vil vi gjerne høyre frå deg.

Miljøarbeidartenesta søkjer tilkallingsvikarar til dag-, kveld-, natt- og langvakter. Du får nødvendig opplæring og rettleiing, både på arbeidsplassen og gjennom kurs, slik at du blir trygg i rolla di. Hos oss blir du ein del av eit godt arbeidsmiljø med kjekke kollegaer og moglegheit for både fagleg og personleg utvikling.

Vi ønskjer søkjarar med helse- og sosialfagleg utdanning, studentar innan relevante fagområde og personar med erfaring frå arbeid med menneske. Har du interesse for fagfeltet og motivasjon til å lære, oppmodar vi deg også til å søkje. Høgskulestudentar innan relevant utdanning får ekstra lønnstillegg, og vi tilbyr ekstra tillegg for nattarbeid og langvakter i helg.

I søknaden ønskjer vi at du fortel litt om deg sjølv, erfaringa di, kva brukargruppe eller arbeidsoppgåver du ønskjer å jobbe med, og kva arbeidstid som passar best for deg. Søknader vert vurderte fortløpande. Har du spørsmål, er du velkomen til å ta kontakt for ein uforpliktande prat.


Arbeidsoppgåver

Oppgåvene er varierte og består mellom anna av: 

  • Oppfølging av tenestemottakarar med fokus på individuelle behov, aktivitet og daglege gjeremål
  • Utøve miljøarbeid ut frå tiltak og med støtte frå kjend personale
  • Observasjon og dokumentasjon

Kvalifikasjonar

Helse- og sosialfagleg kompetanse; student, fagarbeidar, miljøterapeut, vernepleiar eller sjukepleiar

eller

Erfaring frå og ynskje om å arbeide med målgruppa sjølv utan formell fagkompetanse

  • Du må vere over 18 år og kunne snakke og skrive godt norsk
  • Førarkort klasse B er ein fordel, og er nødvendig i fleire av avdelingane
  • Grunnleggjande digitale ferdigheiter til å nytte journal- og fagsystem

Personleg eignaheit til arbeidet vil bli vektlagt i stor grad. Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.  

Vi søker deg som

  • Har interesse for å arbeide med menneske og bidra til ein god kvardag for brukarane våre
  • Er omsorgsfull, tolmodig og har evne til å setje grenser når det er nødvendig
  • Samarbeider godt med andre og bidreg positivt i arbeidsmiljøet
  • Er fleksibel og trygg i møte med ulike situasjonar og behov
  • Tek initiativ, evner å arbeide sjølvstendig og søkje rettleiing ved behov

Vi tilbyr

  • Fleksibelt arbeid med ekstravakter og kortvarige vikariat i tråd med behov i avdelingane.
  • Opplæring og rettleiing på arbeidsstaden og via kurs som sikrer at du har den kompetansen du treng for å gjennomføre arbeidsoppgåvene dine.
  • Ein meiningsfull jobb med kjekke kollegaer og moglegheit for fagleg og personleg utvikling.
  • Høgskulestudentar under relevant utdanning får ekstra lønnstillegg.
  • Årleg tillegg på kr 20.000 ved arbeid på natt.
  • Tillegg på kr 500 pr. vakt med langvakter laurdag og søndag.
  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. 

Kontaktinformasjon

Julie Kristin Lothe, Avdelingsleiar miljøarbeidartenesta, 479 93 050
Elise Hestenes Fjelle, Avdelingsleiar miljøarbeidertenesta, 47875932
Kristine Eide Ryssdal, Tenesteleiar miljøarbeidertenesta, +47 911 39 159

Arbeidsstad

Grandavegen 9
6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune

Referansenr.: 5174180513
Stillingsprosent: 0%
Fast
Søknadsfrist: 15.10.2026

Kontaktpersoner
Julie Kristin Lothe
Avdelingsleiar miljøarbeidartenesta
Elise Hestenes Fjelle
Avdelingsleiar miljøarbeidertenesta
Kristine Eide Ryssdal
Tenesteleiar miljøarbeidertenesta
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter