Nattevaktstillingar
Vil du bidra til tryggleik og gode tenester gjennom natta?
Miljøarbeidertenesta, avdeling 1 (Åsavegen, Furubu og Solsikka) har ledige stillingar:
- Vikariat i 80 % på natt med arbeid kvar tredje helg i perioden 01.04.27 til 19.04.28. Det er moglegheit for forlenging, i form av fast tilsetning i tenesta.
- fast stilling i ca 31 % helg på natt. Stillinga utgjer arbeid natt til laurdag, natt til søndag og natt til måndag kvar tredje helg.
På natt er du med på å sikre at bebuarane våre får eit trygt, godt og forsvarleg tenestetilbod. Arbeidet omfattar mellom anna observasjonar, oppfølging av individuelle tiltak og praktisk bistand etter behov. Du arbeider tett saman med to andre nattevakter og blir ein viktig del av laget rundt brukarane.
Miljøarbeidertenesta yter tenester til personar med utviklingshemming, nedsett funksjonsevne og psykiske lidingar. Her arbeider sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar og assistentar saman for å gi fagleg gode tenester. Målet er å bidra til at kvar enkelt brukar kan leve eit godt liv ut frå eigne føresetnader, ønskje og behov. Dette krev tilsette som møter menneske med respekt, omsorg og fagleg bevisstheit.
Som nattevakt må du rekne med å delta på personalmøte og fagmøte som er lagt inn i turnus gjennom året.
Har du spørsmål om stillinga eller turnusordninga? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat.
Tiltreding: 01.04.27 eller tidlegare etter avtale. Oppgi i søknaden om du søker på fast helg 31% eller 80% stilling.
Arbeidsoppgåver
Oppgåvene er brukarretta, varierte og består mellom anna av:
- Oppfølging av tenestemottakarar ut frå individuelle tiltak og behov
- Helseoppfølging
- Observasjonar og dokumentasjon
- Tiltak etter kapittel 9 helse- og omsorgstenestelova
Kvalifikasjonar
- Sjukepleiar, vernepleiar, fagarbeidar eller pleiemedarbeidar
- Du må kunne snakke og skrive godt norsk
- Grunnleggjande digitale ferdigheiter til å nytte journal- og fagsystem
- Ynskjeleg med erfaring frå målgruppa
Personleg eignaheit til arbeidet vil bli vektlagt i stor grad. Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Vi søker etter deg som
- Kan arbeide strukturert og planmessig
- Skapar gode relasjonar til dei rundt deg og opptrer med tolmod og respekt
- Som er ein pådrivar for å skape ei god teneste, og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Er ansvarsbevisst og trygg i rolla
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull og spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- Tillegg på kr 20.000 årleg jmf % stilling for arbeid på natt (gjeld alle).
- Tilleg på kr 8000 årleg i 100 % stilling på natt for høgskuleutdanna
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
- Høgskulestudentar innen relevant utdanning får lønnskompensasjon
For tilsetting gjeld ei gjensidig prøvetid på seks månadar.
Kontaktinformasjon
Elise Hestenes Fjelle, Avdelingsleiar miljøarbeidertenesta, +47 478 75 932Kristine Eide Ryssdal, Tenesteleiar miljøarbeidertenesta, +47 911 39 159
Arbeidsstad
Grandavegen 96823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 5211797497
Stillingsprosent: 80, 31%
Vikar, Fast
Søknadsfrist: 03.12.2026