Helsefagarbeidar - fast stilling ved Giske omsorgssenter
Vi har ledig fast 80% stilling som helsefagarbeidar ved Valderøy omsorgsdistrikt, Giske omsorgssenter. Stillinga er ledig frå 25.01.2027 og inngår for tida i to-delt turnus med arbeid kvar 3. helg.
Giske omsorgssenter ligg på Valderøya og har to langtidsavdelingar og ei korttidsavdeling, totalt tre avdelingar med 30 plasser. I bygget er også dagsenter, heimebasert omsorg, sentralkjøkkenet, fysio- og ergoterapitenesta og kvardagsrehabiliteringa lokalisert. Personalet ved Giske omsorgssenter har tett samarbeid med desse tenestene.
Vi søkjer ein engasjert helsefagarbeider som kan sikre god pasientbehandling og utføre oppgaver etter gjeldande lover og forskrifter, og som også vil bidra aktivt til å oppretthalde eit godt arbeidsmiljø. Ta gjerne kontakt per telefon om du har spørsmål.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt ved tilsetjing.
Det er krav om politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Vanlege oppgåver i bukollektiv med heildøgns pleie-og omsorgstilbod.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar eller anna relevant fagutdanning.
- Gjerne med erfaring og/eller tilleggsutdanning innan psykiatri.
- God digital kompetanse.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Fleksibel og løysingsorientert.
- Gode samarbeidsevner.
- Fagleg dyktig og kan arbeide sjølvstendig.
Vi tilbyr
- Tverrfagleg samarbeid med fleire yrkesgrupper.
- Moderne lokaliteter og funksjonelt utstyr med fokus på velferdsteknologi (som kamera, sensorar) og forbetringsteam.
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Kontaktinformasjon
Sofie Katrin Holmeset, avdelingsleiar, 41702316Janita Engeset Ellingseter, einingsleiar, +47 92620535
Arbeidsstad
Valderøya6050 VALDERØYA
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 5208559264
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 25.01.2027
Søknadsfrist: 26.11.2026